Hopp til innhold
X
Innhald

Fiskeribedrifter i Fjaler

Oppdrettsanlegg i Flekkefjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Oppdrettsanlegg i Flekkefjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Handel og hermetikk på Grytøyra

Kring 1920 starta Ole A. Skaar ein hermetikkfabrikk på Furneset ved Grytøyra.

Leif Hatløy

er ein av pionerane i oppdrettsnæringa i Sogn og Fjordane. I 1970 starta han oppdrett av regnbogeaure på Lutelandet.

UFO Laks

- sjå Leif Hatløy.

Lakseslakteriet til UFO Laks i Korssund. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lakseslakteriet til UFO Laks i Korssund. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lammetun Fiskeoppdrett A/S

vart starta på Lammetun i 1974 av Oskar Lammetun. Han dreiv i to år med regnbogeaure før han gjekk over til laks. Seinare kom sonen Geir Lammetun med i drifta. Anlegget vart flytta til Gjølanger, og i 2001 vart konsesjonen selt til Aqua Farms.

Gjølanger Fisk AS

starta 1974 - sjå Gjølanger Bruk AS.

Sandnes Fiskeoppdrett A/S

på Fure vart starta i 1984 av ekteparet Willy og Frøydis Sandnes. Selskapet har ein konsesjon for laks og aure, og har i 2002 tre tilsette og ei årsomsetning på kring 12 millionar kroner.

Oppdrettsanlegg eigd av Marine Harvest (tidlegare Solfisk A/S) ved Vågane. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Oppdrettsanlegg eigd av Marine Harvest (tidlegare Solfisk A/S) ved Vågane. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Solfisk A/S

oppdrettsanlegg ved Gjølanger vart starta i 1982 av Jon Solvik, med ein konsesjon for laks og aure. Etter konkurs i 1990 overtok Haukå Settefisk A/S ved Gudmun Strømsnes og dreiv anlegget under namnet Sessa Laks AS til 1993, då Pan Fish tok over. Seinare har Marine Harvest overteke anlegget.

Sessa Laks AS

- sjå Solfisk A/S.

Pan Fish

- sjå Solfisk A/S.

Marine Harvest

- sjå Solfisk A/S.

Norsalmon AS

- sjå: Handel og hermetikk på Grytøyra.

Aqua Farms

- sjå Lammetun Fiskeoppdrett lenger oppe på sida.

Dei siste åra har mange i Fjaler satsa på blåskjeloppdrett. Dette anlegget ligg i Dalsfjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dei siste åra har mange i Fjaler satsa på blåskjeloppdrett. Dette anlegget ligg i Dalsfjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.09.2012