Hopp til innhold
X
Innhald

Fiskeriverksemder i Vågsøy

Domstein-anlegget på Trollebø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Domstein-anlegget på Trollebø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Verksemdene er ordna etter oppstartsår:

Les meir om: Industri og næring i Vågsøy

Første fiskebudene i Måløy

Den første fisketilverkaren i Måløy –eller Skramsbygda som det heitte då – var Stavanger-mannen Joh. Henrik Olsen.

Stor i fisk og handel på Raudeberg

Mons J. Aase (1858-1918) starta i 1886 handel på Raudeberg.

Lefdals fiskeriselskap

Eitt av pionér-selskapa i overgangen frå segl til motordrift i fiskeflåten i Sogn og Fjordane.

Fiskedampskip

Fiskedampskip

I 1899 kjøpte handelsmann Ulf Lem i Måløy fiskedampskipet «Ruth». Aktieselskabet «Forsøg» med base i Måløy kjøpte også eit fiskedampskip i 1899.

Fiskeripionérane Rasmus og Johan Vetvik

Dei to brørne frå den einbølte bygda Vetvik på vestsida av Bremangerlandet kom til Måløy i 1899 og vart fiskeripionérar og store fiskehandlarar.

Kjøllesdals Fiskeriselskab

kjøpte like etter 1900 fiskedampskipet «Skjold». Ein av mennene bak dette selskapet var Ole Kr. Lefdal. Selskapet vart oppløyst 1911, og sjøbuda i Måløy overteken av kjøpmann Lars P. Lefdal, som igjen selde vidare til Andreas Osmundsvåg.

Nordfjord Torskemel- og Guanofabrik A/S

vart starta på Trollebø i 1904.

Ulvesund Formelfabrikk

sjå Nordfjord Torskemel- og Guanofabrik A/S .

A. Osmundsvaag

vart grunnlagt i 1907 av Andreas Osmundsvaag. Firmaet dreiv med fiskeeksport, trandamperi og fiskebåtreiarlag.

Moldøen Canning Co.

vart grunnlagt i 1910 av Hans Søreide og Anton Lien. Frå 1913 kom Ole Kr. Lefdal inn som kompanjong.

Firda Canning produserte m.a. dei velkjende Kari fiskebollar.

Firda Canning produserte m.a. dei velkjende Kari fiskebollar.

Firda Canning Co

i Måløy vart grunnlagt i 1913 av Audun Lem og Hans Søreide.

Skaar & Co.

vart grunnlagt i 1915 av Jon Skaar sr. i kompaniskap med Thorolf Tonning.

Anlegget til Skaar & Co er overteke av Maaløy Seafood. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Anlegget til Skaar & Co er overteke av Maaløy Seafood. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Andreas Husevåg

dreiv fiskemottak og tranbrenneri i Husevåg i nokre år kring 1. verdskrig. Dette er den einaste større verksemda som har vore driven på Husevågøya.

A/S Fiskekjøling

Eit Bergens-firma bygde A/S Fiskekjøling i 1916 på Raudeberg. Dette var eit fryseri som vart avvikla i 1918.

Statt Canning

- sjå Nordfjord Frukt- og Saftfabrikk A/S.

J.L. Eltvik Fiskeforretning

vart grunnlagt i 1918 av Johan L. Eltvik frå Stadlandet.

Berg A/S

på Raudeberg, grunnlagt i 1920 av Otto og Andreas Berg. Dreiv dampskipsekspedisjon, landhandel og fiskeforretning med eksport.

Kvalheim & Co.

vart grunnlagt i 1922. På 1950-talet vart anlegget bygd ut til det største produksjons- og fryserianlegget for sild og fisk i Måløy.

Kvalos AS

- sjå Kvalheim & Co..

Administrasjonsbygningen til Domstein-konsernet i Måløy i den tidlegare fiskebuda til Arnt & Simon Midtgaard. Foto: Arild Nybø, NRK.

Administrasjonsbygningen til Domstein-konsernet i Måløy i den tidlegare fiskebuda til Arnt & Simon Midtgaard. Foto: Arild Nybø, NRK.

Domstein-konsernet

Domstein-konsernet med hovudsete i Måløy, har gjennom dei siste 20 åra vakse seg til eitt av Noregs største fiskekonsern. Med eigne selskap og deleigde selskap, hadde gruppa i 2000 ei omsetning på 5,5 milliardar kroner, og 3000 tilsette.

Domstein Pelagic

- sjå Domstein-konsernet.

Norway Pelagic

- sjå Domstein-konsernet.

Domstein Enghav

– sjå Domstein-konsernet.

Domstein Salmon AS

– sjå Domstein-konsernet.

Fjord Seafood Norway AS avd. Florø

– sjå Domstein-konsernet.

Cermaq

- sjå Domstein-konsernet.

Frå filetproduksjonen til Domstein på Trollebø, ein produksjon som vart lagd ned i 2012. Foto: NRK.

Frå filetproduksjonen til Domstein på Trollebø, ein produksjon som vart lagd ned i 2012. Foto: NRK.

Nordfjord Preserving Co

vart skipa i 1925 - sjå Nordfjord Frukt- og Saftfabrikk A/S.

Brødrene Tennebø

fisketilvirking i Måløy vart grunnlagt i 1925 av brørne Peder, Ingolf og Kristoffer A. Tennebø.

Brødrene Myhre

Brødrene Myhre

vart grunnlagt i 1925 av Andreas Myhre.

Arnt & Simon Midtgaard

vart grunnlagt av brørne Arnt og Simon Midtgaard i 1926. Dei bygde stor sjøbu og fryseri i Måløy, der dei dreiv mottak av sild og fisk, landhandel og skipshandel.

J. Myrestrand

vart starta i 1928 som ei vidareføring av Ulf Lem sine anlegg i Måløy.

Skipsreiar Jakob Kjøde

grunnla i 1928 eit stort fiskerianlegg på Vågsberget.

Kvalheim & Vedvik A/S

klippfisk- og tørrfiskproduksjon på Raudeberg. Grunnlagt i 1928 av Edvard Kvalheim og Daniel Vedvik.

Anlegget til Kvalheim & Vedvik på Kapellneset. Til venstre ser vi litt av verftsområdet til Båtbygg A/S. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Anlegget til Kvalheim & Vedvik på Kapellneset. Til venstre ser vi litt av verftsområdet til Båtbygg A/S. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Einar Gotteberg

grunnla i 1928 sild- og fiskeforretning i Måløy.

Fiskebåtreiarlaget L.A. Sjong

Laurits A. Sjong frå Valderøya ved Ålesund kjøpte i 1932 den store fiskebåten «Eystein».

Måløy Fiskehandel

vart grunnlagt i 1936 av Olaf Barmen frå Barmøy og Harald Sætren frå Måløy.

Gustav Olsen

grunnla i 1937 klippfisktørkeri i Røysa på Raudeberg.

Snorre Seafood AS

- sjå Gustav Olsen.

Måløy Sildoljefabrikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Måløy Sildoljefabrikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Måløy Sildoljefabrikk A/S

i Deknepollen vart grunnlagt i 1942 av Gerhard Voldnes frå Fosnavåg.

Welcon AS

- sjå Måløy Sildoljefabrikk A/S.

Alex Refvik

på Raudeberg vart grunnlagt i 1945 av Alex Refvik.

Halsør Exportco A/S

klippfisktørkeri på Raudeberg vart grunnlagt i 1952 av Ernst Halsør.

Selstad AS

vart grunnlagt i 1953 av brørne Harald og Alf Selstad.

Forretningsfamilien Sætremyr

Ole Sætremyr og sønene Alf, Ivar og Reidar bygde opp eitt av dei største fiskebåtreiarlaga i Sogn og Fjordane. Det starta på 1950-talet.

Måløy Verft

- sjå Forretningsfamilien Sætremyr.

Sjølaks AS

oppdrettsfirma, vart skipa i 1979 av Harald Kvalheim og Knut Holvik frå Måløy.

EMY Fish AS

vart skipa i 1993 av den japanskfødde Michiko Steenslid.

Global Fish

Brørne Geir og Jan Otto Hoddevik bygde frå slutten av 1980-talet opp Global Fish til eit av dei største fiskeriselskapa i Noreg, med anlegg frå Egersund til Trøndelag.

Pan Fish

Arne Nore frå Bryggja har på 1990-talet bygd opp oppdretts- og fiskeforedlingskonsernet Pan Fish til eit av verdas største fiskeriselskap, med ei omsetning på 4,7 milliardar kroner i 2000.

Marine Harvest AS

- sjå Pan Fish.

Fjord-Lab A/S

i Måløy, grunnlagt i 1988. Laboratorium som driv miljø- og vassanalyser for oppdrettsnæringa og næringsmiddelindustrien. Tek også oppdrag for offentleg sektor.

I kontorlokala til Coast Seafood blir det omsett laks for store summar kvar dag. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

I kontorlokala til Coast Seafood blir det omsett laks for store summar kvar dag. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Coast Seafood AS

vart skipa i 1994 med Sverre Søraa (fødd 1964) som dagleg leiar.

BFG – Best Fishing Gear

– i Deknepollen vart grunnlagt i 1999 av Bodvar Vetrhus og Gunnar Carlson. Verksemda produserer egnemaskiner til lineflåten.

OK-Fish Kvalheim

OK-Fish Kvalheim vart grunnlagt kring 1990 av Jarle Kvalheim. Dreiv fiskeeksport og oppdrettsanlegg i stort omfang – m.a. i Selje og Bremanger.

Snorre Seafood AS

på Raudeberg vart skipa i 1997 – sjå Gustav Olsen.

Atlantic Seafish AS

fiskebåtreiarlag vart starta i 1997.

Carisma Fish AS

fiskeriselskap, vart skipa på Raudeberg i 2001 med Arild Aarvik som dagleg leiar.

Maaløy Seafood

Etter vanskar i Pan Fish, kjøpte ei lokal gruppe i 2002 66 prosent av aksjane i anlegget i Måløy, og driv det under namnet Maaløy Seafood AS. Sjå Global Fish, Skaar & Co. og Coast Seafood AS.

Blue Fish Måløy AS

fiskeforedlingsfirma vart skipa i 2005 av Arthur Jensen og Arnt Eide. Verksemda tok over lokala til konkursråka Artic Seafood i Barstadvika ved Raudeberg, men måtte sjølv gje opp i 2006.

Nergård AS

- eit stort fiskerikonsern med hovudkontor i Tromsø – vedtok i 2014 å byggje eit anlegg for sild og makrell på Trollebø.

Oppdrettsanlegg i Brunsvik, eigd av Marine Harvest. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Oppdrettsanlegg i Brunsvik, eigd av Marine Harvest. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.04.2014