Hopp til innhold
X
Innhald

Fjaler Sko A/S

Fjaler Sko AS vart starta i 1984 av Peder Sundal og Sverre Holmelid, to tidlegare tilsette ved A/S Jarl Skofabrikk.

Fjaler Sko AS vart starta i 1984 av Peder Sundal og Sverre Holmelid, to tidlegare tilsette ved A/S Jarl Skofabrikk.

Seinare overtok Leif Heggheim som eineeigar. Fabrikken var oppe i sju tilsette, men hadde i 2002 fire tilsette. Fabrikken har leigd lokale i den eldste delen av fabrikklokala til AS Jarl, og produserte tøfler og støvlettar i selskinn, fritidssko, bunadssko og "Sunnfjord-skoen" - ein variant av Aurlandsskoen.

Men i 2004 vart drifta lagd ned.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.11.2011