Hopp til innhold
X
Innhald

Fjaler sparebank

Bankbygget som vart reist i Dale i 1969. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bankbygget som vart reist i Dale i 1969. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjaler sparebank vart skipa i 1873 etter opptak frå Ytre Holmedal sokneselskap (sjå: Det Holmedalske Sogneselskab). Namnet på banken var dei første åra Ytre Holmedal Sparebank.

Drivkreftene i dette selskapet var distriktslege Lars Stub Heiberg Landmark, bonde Ola Mathiasson Bakke og sakførar Johan Peter Gram Wettergren (far til Thora Wettergren).

Dei første tre åra heldt banken til i den gamle tingstova i Dale og var open nokre timar kvar fredag. Frå 1876 til 1895 heldt kjøpmann Wilken Nitter hus for banken i privathuset sitt på Yksnebjør.

Filial i Holmedal og Bergen

I 1895 vart det første kommunehuset i Dale bygt. Banken finansierte det meste, og vart også leigetakar fram til sparebanken bygde eige hus i 1923. Dette huset vart brukt som bank til 1969, då Fjaler Sparebank flytta inn i nybygg.

Filial i Holmedal og Bergen

Fjaler Sparebank hadde frå 1914 også kontordagar i Holmedal på nordsida. Filialen i Holmedal er framleis i drift i 2002, med opning ein dag i veka. Banken opna avdelingskontor i Bergen i 2005. Fjaler Sparebank hadde då 20 tilsette og ein forvaltningskapital på rundt ein milliard kroner.

Inn i storbank

I 2010 gjekk Fjaler Sparebank inn i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.04.2013