Hopp til innhold
X
Innhald

Fjøra Mat

Fjøra Mat. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjøra Mat. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Jan Knut Einarsen starta Fjøra Mat i Sogndal i 1989 då han tok over daglegvareforretninga til J. Johannesen og daglegvareforretninga til O. Olsens Eftf., Olsenbui, som hadde vore driven av Bjørn og Jan Rolf Loftesnes.

Begge desse butikkane i Fjøra hadde tidlegare eigne bakeri. I 1991 opna Einarsen Rema 1000-butikken i Berge & Co. sitt bygg i Øyane på sørsida av Sogndalselvi. Ei tid dreiv Einarsen også daglegvarebutikk ved ferjekaia i Kaupanger. I 2005 kjøpte Einarsen Berge & Co-bygget i Øyane og har utvida det mykje sidan. I 2010 kjøpte han og Shell-stasjonen og planlegg ei stor utviding av butikken. Einarsen eig elles fleire store eigedomar i Sogndal.

Rema 1000 i Øyane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rema 1000 i Øyane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.08.2011