Hopp til innhold
X
Innhald

Fjord Shipping AS

Eitt av skipa Fjord Shipping driv, Framnes.

Eitt av skipa Fjord Shipping driv, Framnes.

Fjord Shipping AS vart skipa i Måløy i 1989 av Oddvin Høydal.

Seinare overtok dagleg leiar Magne Årvik og Skibenes & Søn AS selskapet som har spesialisert seg på drift av handelsskip for andre reiarlag. Fjord Shipping står for den økonomiske og tekniske drifta av fleire fryseskip, bulkskip og tankbåtar i både innanriks- og utanriksfart. Fjord Shipping er medeigar i fleire av desse skipa. . I 2008 hadde selskapet 11 tilsette og driftsansvaret for 16 skip.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.01.2010