Hopp til innhold
X
Innhald

Fjord1 - Nordvestlandske

Fjord 1 er eitt av dei største trafikkselskapa i landet med kring 2300 tilsette. Konsernet har hovudkontor i Florø.

I 2002 vart Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane slege saman med Møre og Romsdal Fylkesbåtar til konsernet Fjord1 – Nordvestlandske AS.
Fjord1 er eigd med 59 prosent av Sogn og Fjordane fylkeskommune og 41 prosent av Møre og Romsdal fylkeskommune. Det er eitt av dei største trafikkselskapa i landet med kring 2300 tilsette. Av desse arbeider kring 500 i Fylkesbaatane.

Milliardomsetnad

Fjord1 har ein årsomsetnad på kring 2 milliardar kroner i 2004. I 2003 kunne eigarane hente ut eit aksjeutbyte på 30 millionar kroner. I 2003 disponerte Fjord1 56 ferjer, 19 snøggbåtar, 400 bussar og 216 godsbilar.

Konsernet eig Fylkesbaatane (hovudkontor i Florø), Møre og Romsdal Fylkesbåtar - MRF(hovudkontor i Molde), Mørebil (hovudkontor i Volda), Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L (hovudkontor i Stryn), Ottadalen Billag (hovudkontor på Otta) og Sogn Billag L/L (hovudkontor i Sogndal). Frå januar 2004 vart også Sunnmøre og Romsdal Billag (hovudkontor i Ålesund) med sine dotterselskap Aukra Auto AS, Sørvest Transport AS, SRB Transport AS og Mordal Transport AS ein del av Fjord1-konsernet.

Hovudsete i Florø

Konsernet har hovudkontor i Florø. Den første konsernsjefen i Fjord1 vart tidlegare konsernsjef i MRF, Olav Smørdal frå Eid (sjå Kjende personar i Eid fødde år 1900-1950). Første styreformann vart Jarle Skartun frå Sogndal.

Fylkesbaatane som namn med tilhøyrande logo vert framleis nytta på ferjer og andre skip som trafikkerer i Sogn og Fjordane ved sida av Fjord1-logoen. Det same er tilfelle for dei andre dotterselskapa i konsernet.

Kjerneverksemd

Kjerneverksemda for Fjord1 er drift av ferjer, snøggbåtar, lokalbåtar og rutebilar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Men i tillegg driv også dotterselskapa farty for turisttrafikk, charter og fryseskip i utanriksfart. Selskapa driv også bomstasjonar, reisebyrå, bilutleige, godsterminalar, anna eigedomsdrift og finansforvaltning. Fjord1 eig m.a. 33,4 prosent av Bergens-reiarlaget Fjord Line som driv rutebåtar mellom Bergen og Danmark og England, og er aksjonær i Fosen Trafikklag og Namsos Trafikkselskap.

Vann stor-anbod

I 2004 vann Fjord1 kontrakten på 10 års drift av to av dei største ferjesambanda i landet på E39-sambandet gjennom Hordaland og Rogaland; Halhjem – Sandvikvåg og Arsvågen – Mortavika. Til dette skal Fjord 1 byggje fem gassdrivne ferjer til kring 1,5 milliardar kroner. Den første gassferja – ”Bergensfjord”, vart sjøsett i 2006.

Les meir om Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.05.2015