Hopp til innhold
X
Innhald

Fjord1

Fjord1 er eit av dei største trafikkselskapa i landet med kring 2500 tilsette.

Fjord1-logoen på bilferja Værøy ved kai på Eikenes i Dalsfjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjord1-logoen på bilferja Værøy ved kai på Eikenes i Dalsfjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 2001 vart Fylkesbaatane slegne saman med Møre og Romsdal Fylkesbaatar til konsernet Fjord1 – Nordvestlandske AS.

Fjord1 er eigd med 59 prosent av Sogn og Fjordane fylkeskommune og 41 prosent av Møre og Romsdal fylkeskommune. Det er eitt av dei største trafikkselskapa i landet med kring 2500 tilsette. Av desse arbeider kring 500 i Fjord1 Fylkesbaatane. I mange år har eigarfylka kunne hente ut aksjeutbyte på mange tiltals millionar frå konsernet.

Rysjedalsvika er eit knutepunkt for snøggbåtane til og frå Bergen. I løpet av nokre minutt er tre snøggbåtar innom kaia. Her går passasjerar i land frå ”Fjordprins”. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rysjedalsvika er eit knutepunkt for snøggbåtane til og frå Bergen. I løpet av nokre minutt er tre snøggbåtar innom kaia. Her går passasjerar i land frå ”Fjordprins”. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Til 150-årsjubileet sitt gav Fjord1 Fylkesbaatane ut boka ”Frå dampskip til gassferjer”, forfatta av Magnus Helge Torvanger.

Til 150-årsjubileet sitt gav Fjord1 Fylkesbaatane ut boka ”Frå dampskip til gassferjer”, forfatta av Magnus Helge Torvanger.

I 2007 hadde konsernet 2500 tilsette og omsette for tre millardar kroner. I 2003 disponerte Fjord1 Nordvestlandske AS 56 ferjer, 19 snøggbåtar, 400 bussar og 216 godsbilar. Konsernet eig trafikkselskapa som tidlegare heitte Fylkesbaatane (hovudkontor i Florø), Møre og Romsdal Fylkesbåtar – MRF (hovudkontor i Molde), Mørebil (hovudkontor i Volda), Nordfjord og Sunnmøre Billag (hovudkontor i Stryn), Ottadalen Billag (hovudkontor på Otta) og Sogn Billag (hovudkontor i Sogndal). Frå januar 2004 vart også Sunnmøre og Romsdal Billag (hovudkontor i Ålesund) med sine dotterselskap Aukra Auto AS, Sørvest Transport AS, SRB Transport AS og Mordal Transport AS ein del av Fjord1-konsernet. I 2009 hadd konsernet desse dotterselskapa:

  • Fjord1 Fylkesbaatane,
  • Fjord1 MRF,
  • Fjord1 Buss Møre,
  • Fjord1 Nordfjord-Ottadalen,
  • Fjord1 Sogn Billag,
  • Fjord 1 Hallingdal Billag
  • Fjord 1 Gods Møre
  • Aukra Auto
  • Fjord1 Transport.
  • Bilferja Svanøy legg til kai i Lavik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Hovudkontor i Molde

    Konsernet har hovudkontor i Molde. Den første konsernsjefen i Fjord 1 vart tidlegare konsernsjef i MRF, Olav Smørdal frå Eid. Leif Øverland tok over som konsernsjef etter Smørdal i 2009. Første styreformann vart Jarle Skartun frå Sogndal.

    Fylkesbaatane som namn med tilhøyrande logo vert framleis nytta på ferjer og andre skip som trafikkerer i Sogn og Fjordane ved sida av Fjord1-logoen. Det same er tilfelle for dei andre dotterselskapa i konsernet. Men i 2010 vart det opprør då Fjord1 kutta ut det gamle Fylkesbåt-flagget og i staden tok i bruk Fjord1-flagg på ferjene og båtane.

    Ei av dei nye og store ferjene til Fjord1 Fylkesbaatane, Lote, på veg mot Mannheller. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Kjerneverksemda for Fjord1 er drift av ferjer, snøggbåtar, lokalbåtar og rutebilar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Men i tillegg driv også dotterselskapa farty for turisttrafikk, charter- og fryseskip i utanriksfart. Underselskapa driv også bomstasjonar, reisebyrå, bilutleige, godsterminalar, anna eigdomsdrift og finansforvalting. Fjord1 eigde m.a. 33,4 prosent av bergensreiarlaget Fjord Line som dreiv rutebåtar mellom Bergen og Danmark og England, og er aksjonær i Fosen Trafikklag og Namsos Trafikkselskap. Leif Øverland tok over som konsernsjef etter Smørdal i 2009.

    Ei av gassferjene til Fjord1, Bergensfjord. Foto: Erik Ask.

    Gassferjer i Hordaland og Rogaland

    I 2004 vann Fjord1 kontrakten på 10 års drift av to av dei største ferjesambanda i landet på E39-sambandet gjennom Hordaland og Rogaland; Halhjem – Sandvikvåg og Arsvågen – Mortavika. Til dette har Fjord1 bygd fem gassdrivne ferjer til kring 1,5 milliardar kroner. Den første gassferja – ”Bergensfjord”, kom i drift i 2006.

    Bybanen i Bergen blir driven av Fjord1. Foto: NRK Hordaland.

    Driv Bybanen i Bergen

    I 2009 fekk Fjord 1 i samarbeid med det franske selskapet Kolis sju års avtale på drift den den nye Bybanen i Bergen som vert sett i drift i 2010.

    Selde godsdivisjonen

    I 2010 kjøpte Firda Billag godsdivisjonen til Fjord1, Fjord1 Transport. Dette gjer Firda Billag til eitt av dei største godsselskapa på Vestlandet med til saman 180 godsbilar og vel 270 tilsette.

    Ein av dei 350 bussane til Fjord1 på fv 53 mellom Øvre Årdal og Tyin. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Sal til Nettbuss

    I 2011 seldt Fjord1 51% av bussverksemda si til Nettbuss, som er det største busselskapet i Noreg. I 2012 kjøpte Nettbuss resten av bussverksemda til Fjord1 for 105 millionar kroner. Fjord1blir dermed eit reint ferjeselskap.

    Nye og gamle bussar i Lærdal. Nærast ekspressbussen som går i rute mellom Årdal og Bergen. Vi ser og ein veteranbuss i dei originale Sogn Billag-fargane, og lengst til høgre ser vi snuten på ein buss i fargane til Gol-Lærdal-Maristubilene. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Solide overskot

    Drifta av gassferjene i Rogaland og Hordaland viste seg å vere lønsam for Fjord1. Dette var mykje av grunnlaget for at selskapet i 2010 fekk eit resultat før skatt på 268 millionar kroner. Dette året passerte omsetninga tre milliardar kroner. I 2010 hadde Fjord1 2149 tilsette, 68 ferjer, 14 snøggbåtar og andre båtar og 357 bussar. Selskapet frakta 27 millionar passasjerar og 8,6 millionar køyrety.

    Nye Sognekongen vart levert til Fjord1 frå Brødrene Aa i Hyen i 2010. Foto: Brødrene Aa.

    Tapte snøggbåtkontrakt

    I 2010 tapte Fjord1 i konkurransen om å drive snøggbåtrutene mellom Sogn og Fjordane og Bergen. Tide Sjø overtek desse rutene frå 2012. (Selskapet skifta i 2012 namn til Norled AS). Men fylkesutvalet gav i mars 2012 Fjord1 løyve til å drive turistrute på Sogn i konkurranse med Norled AS.

    Tapte viktig ferjesamband

    I 2012 tapte Fjord1 drifta av ferjesambandet Lavik-Oppedal til Norled, som overtek sambandet for perioden 2015-2024.

    Møre og Romsdal sel seg ut

    I 2011 vedtok Møre og Romsdal fylkeskommune at dei vil selje sin eigardel på 41 prosent i Fjord1 til reiarlaget Havila med hovudkontor i Fosnavåg på Sunnmøre. Dette salet vart i august 2011 godkjent av fylkestinget i Sogn og Fjordane, som avsto frå å bruke forkjøpsretten sin. Samstundes slo fylkestinget fast at det ikkje er aktuelt for Sogn og Fjordane å selje seg ned i Fjord1. Dermed eig fylkeskommunen framleis 59 prosent av aksjane. I 2013 vedtok Fjord1 å legge ned administrasjonen i Molde og samle alt på hovudkontoret i Florø.

    Fylkesbaatane forsvinn

    I 2011 vart det avgjort at dei to sjøselskapa Fjord1 Fylkesbaatane og Fjord1 MRF skal slåast saman med morselskapet Nye Fjord1 med Leif Øverland som administrerande direktør til eitt selskap frå 1. april 2012. Dermed forsvinn namnet Fylkesbaatane. Det nye selskapet får fire forretningsområde, tre av dei skal administrerast frå Florø, medan ferjetrafikken i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal skal styrast frå Molde. Fjord1 blir landets største ferjeselskap med til saman 68 ferjer. Desse har til saman 2190 daglege avgangar og fraktar 18 millionar passasjerar i året.

    Medeigar i flyselskap

    I 2013 kjøpte Fjord 1 saman med reiarlaget Torghatten og Nordland fylkeskommune 80 prosent av aksjane i Widerøes Flyveselskap AS av SAS.

    Sal til Torghatten vart stansa

    I november 2015 vedtok Sogn og Fjordane fylkesting med 16 mot 15 røyster å selje halvparten av aksjeposten sin i Fjord1 til Torghatten ASA. Reiarlaget med hovudsete i Brønnøysund i Nordland. I juli 2016 vart denne handelen stansa av Konkurransetilsynet. I august same året vedtok fylkestinget samrøystes å selje aksjar til Havilafjord AS, som med det vart majoritetseigar i selskapet. Sogn og Fjordane fylkommune sit att med 33 prosent av aksjane etter salet. Havilafjord betalte 1,065 mrd. kroner for aksjane.

    Direktørar i Fjord1 Fylkesbaatane

    • Atle Tornes 2002-2004
    • Stig Kristoffersen 2004-2012

    Direktørar i Fjord1 Nordvestlandske

    • Svein Smørdal 2002-2009
    • Leif Øverland 2009-2012

    Direktørar i Nye Fjord1

    • Leif Øverland 2012-2014
    • Dagfinn Neteland 2014-2016

    Leif Øverland vart direktør i Fjord1 i 2009 og frå 2012 til 2014 i Nye Fjord1. Foto: Hurtigruten Group ASA.

    Kjelder

    Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

    Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

    Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

    Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


    Sist oppdatert: 13.03.2017