Hopp til innhold
X
Innhald

Fjordfisk Fiskeoppdrett

Oppdrettslokaliteten til Fjordfisk ved Hatlem, no eigd av Firda Sjøfarmer. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Oppdrettslokaliteten til Fjordfisk ved Hatlem, no eigd av Firda Sjøfarmer. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjordfisk Fiskeoppdrett vart starta på Hatlem ved Åfjorden av Bernt A. Hatlem i 1973. Anlegget fekk setjefisk frå eige klekkeri ved Storelva.

Etter at Bernt døydde i 1984 overtok sonen Arvid Hatlem (f. 1950), og han har drive anlegget sidan. Selskapet har sidan 1986 heitt Fjordfisk AS. Etter tre tunge år med tilsaman 13 millionar kroner i underskot, vart oppdrettsdelen av Fjordfisk med to konsesjonar kjøpt opp av Firda Sjøfarmer AS med eigar Ola Braanaas (sjå denne, Flora kommune) i 2004.

Hatlem-familien heldt eit setjefiskanlegg og eit slakteri på Hatlemstranda utanom salet til Braanaas.

Fjordfisk-anlegget på Hatlemstranda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjordfisk-anlegget på Hatlemstranda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.09.2010