Hopp til innhold
X
Innhald

Fjordfly

Arne Henden med det første av sjøflya til Fjordfly, kjøpt i 1958. Det vart brukt til å frakte aviser for Bergens Tidende, men det var og brukt til private gjeremål, som her på fisketur til Åsevatnet over Skjolden i Luster kommune. Privat foto.

Fjordfly vart grunnlagt i 1957 av Arne Henden som det første flyselskapet i Sogn og Fjordane (Førdefly var det neste, grunnlagt 1966).

Selskapet livnærte seg dei første åra i hovudsak på ambulanse- og avisflyging, og hadde midt på 1960-talet tre sjøfly. I 1967 bygde selskapet hangar på Elvaneset.

Eitt av dei fire landflya Fjordfly hadde. Biletet er teke i samband med opninga av Sandane Lufthamn i 1975. På denne tida hadde Fjordfly 15 tilsette. Privat foto.

Eitt av dei fire landflya Fjordfly hadde. Biletet er teke i samband med opninga av Sandane Lufthamn i 1975. På denne tida hadde Fjordfly 15 tilsette. Privat foto.

Avdeling i Bergen

I 1971 kjøpte flyselskapet sitt første landfly. Dei starta avdeling på Flesland ved Bergen, og satsa sterkt på oppdrag til den veksande oljeindustrien.

Landa på Anda

I ein sterk ekspansjonsfase midt på 1970-talet brukte også Fjordfly mykje flyplassen på Anda.

Økonomiske vanskar

Den sterke ekspansjonen førde selskapet opp i likviditetsvanskar, og etter konkurs i 1975, heldt drifta fram under namnet Firdafly A/S, som la ned drifta i år 2000.

På dette biletet teke frå Gimmestad ser vi hangaren til Fjordfly til høgre for kyrkjetårnet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På dette biletet teke frå Gimmestad ser vi hangaren til Fjordfly til høgre for kyrkjetårnet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 12.01.2011