Hopp til innhold
X
Innhald

Fjordglas AS

Fjordglas overtok lokala etter Dalehaug Trevarefabrikk. Foto: Øystein Veum.

Fjordglas overtok lokala etter Dalehaug Trevarefabrikk. Foto: Øystein Veum.

Fjordglas AS vindaugefabrikk vart starta i Luster i 1994 av brørne Robert og Bernhard Veum.

Her overtok dei eit 1.000 kvadratmeter stort fabrikklokale etter konkursråka Dalehaug Snikkarverkstad. Brørne Veum kontrollerte 90 prosent av aksjane. Resten var fordelt på tre tilsette. I 1988 starta Bernhard Veum eigen fabrikk for skyvedørar i Drammen, og har sidan budd der. Fjordglas hadde i 2008 21 tilsette og ei omsetning på 25 millionar kroner. I 2011 var omsetninga auka til 35 millionar.

Frå produksjonen til Fjordglas. Foto: Øystein Veum.

Frå produksjonen til Fjordglas. Foto: Øystein Veum.

Fabrikken får delleveransar frå trevarefabrikkane Bygg og Innbu (sjå: Fabrikkar og verkstader i Vågsøy) og Trevaren A/S i Lærdal. Fabrikken har også lager og utsal i Drammen.

I 2001 kjøpte Fjordglas seg inn i den svenske fabrikken Swenor Doors ved Østersund, men denne gjekk konkurs i 2002. Dei siste åra har brørne Veum skipa eigedomsselskap som blant anna har kjøpt opp eigedomar i Oslo, Røyken og Porsgrunn m.a. med tanke på husbygging for sal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.12.2012