Flåm Ferdaminne

Flåm Ferdaminne. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Flåm Ferdaminne vart starta i 2004 av Anny-Irene Mykkeltvedt. Ho hadde då overteke den første souvenirbutikken i Flåm, Steinbui.
I Flåm Ferdaminne, som ligg mellom cruisekaia og togstasjonen i Flåm, er det no souvenirbutikk i første etasje og fire leiligheiter i andre etasje. I tillegg er det ein verkstad der det blir laga glassmykke.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 24.05.2011