Hopp til innhold
X
Innhald

Flølo Fabrikker A/S

Alfred O. Flølo hadde sidan 1927 drive eit garveri på heimegarden på Flølo før han starta ein liten skofabrikk på Byrkjelo like etter 2. verdskrig. Her framstilte han lette sko både for menn og kvinner, og han produserte også ei tid trekloggar.

Produkta selde han til forretningar og til kundar som stakk innom fabrikken. Han hadde to-tre tilsette og dreiv fram til 1954.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.10.2009