Hopp til innhold
X
Innhald

Folven Pensjonat

Strynefjell Turistsenter, tidlegare Folven Pensjonat. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Strynefjell Turistsenter, tidlegare Folven Pensjonat. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Folven Pensjonat i Oppstryn, seinare Strynefjell Turistsenter, vart grunnlagt i 1959 av Gunvor og Lasse Folven. I tillegg til pensjonatet framme ved riksvegen bygde dei ut campingplass med kring ti hytter på flata bak pensjonatet.

Dei selde etter nokre år til Per Folldal som dreiv Ose Pensjonat i Ørsta. Han satsa sterkt på campinghytter, og bygde ut plassen til kring 30 hytter. Ei viktig gjestegruppe var skituristar som vitja Stryn Sommarskisenter.

Martha Hjelmeland frå Eid kjøpte Folven pensjonat og camping på 1980-talet. Ho bygde også ut Hjelledalen Hyttesenter med 10 hytter litt lengre nede i bygda.

Men etter økonomiske vanskar tok Erling Gjørven over Hjelledalen Hyttesenter, og ei lokal eigargruppe tok over på Folven og dreiv anlegga der i eit par års tid. I denne gruppa var Paul Egge, Jørgen Skåre, Ingolf Folven, Egil Erdal, Oskar Tenden og Lasse Erdal.

I 1992 overtok Jon Rasmus Langeset Vik, og frå 2004 har Stryn Sommarskisenter ved Håvard Skibenes eigd pensjonatet og campingplassen, som fekk namnet Folven Camping. I 2010 overtok Anita Vinsrygg, Asbjørn Fure, Kari-Ann Kaspersen og Jan Løken campingplassen.

Campingplassen til Strynefjell Turistsenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Campingplassen til Strynefjell Turistsenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.05.2010