Hopp til innhold
X
Innhald

Fonn Auto AS

Riko Førde AS  på den tida det vart stava Rico Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Riko Førde AS på den tida det vart stava Rico Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fonn Auto AS vart starta i 1988 av Steinar Fonn. Då fekk han agenturet på det japanske bilmerket Mazda, som tidlegare hadde vorte forhandla av Einar og Odd Øen i Førde. Fonn vart også forhandlar av bilmerket Hyundai, men fekk økonomiske problem då den japanske valutaen yen stupte og gjekk konkurs i 2000.

Ålesunds-firmaet Rico Bil overtok i nokre år, men i 2004 kjøpte Steinar Fonn tilbake halvparten av firmaet, og i 2007 overtok han alle aksjane og kalla Førde-firmaet Riko Førde AS.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.11.2010