Hopp til innhold
X
Innhald

Førde Brandtrygdelag

Ole M. Erdal.

Ole M. Erdal.

Det lokale branntrygdelaget i Førde vart skipa i 1899 etter opptak frå ordførar Ole M. Erdal. Han hadde tankar om å få skipa eit felles trygdelag for både Jølster, Førde og Naustdal, men dette vart ikkje noko av.

Den første tida heitte branntrygdelaget i Førde ”Førde herreds gjensidige brandforsikringsforening”. Det vart også nemnt som ”Førde husassuranceforening”. Frå 1940 heitte det Førde brandtrygdelag.

Det lokale branntrygdelaget gav i 1925 eit stort tilskot til bygging av den første sjukestova i Førde då denne vart bygd i Grovene. – Les meir om denne under Helsestell i Førde.

Etter 2. verdskrig gjekk mange av medlemene til Førde Brandtrygdelag over til Norges Brannkasse. Samstundes hadde det lokale branntrygdelaget – i motsetnad til dei fleste andre branntrygdelag i fylket – vore lite interesserte å sikre seg og kundane med reassuranse i større selskap. Kundane miste dermed tilliten til at dei var godt nok forsikra i det lokale branntrygdelaget, og i 1953 vart Førde Branntrygdelag lagd ned.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.11.2011