Hopp til innhold
X
Innhald

Førde Fargehandel AS

Førde Fargehandel i 2007. Heilt til høgre den tidlegare bankbygningen som Førde Fargehandel flytta inn i i 2011. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Fargehandel i 2007. Heilt til høgre den tidlegare bankbygningen som Førde Fargehandel flytta inn i i 2011. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Fargehandel AS vart starta i 1946 av bergensaren Henry Johnsen (1910–1992). Dei første åra leigde han lokale i Flomshuset, forretningsbygget til Nils J. Flom, og bygde eige forretningsbygg saman med Nelly Sølvberg (sjå Forretningsfamilien Sølvberg) i 1962.

Dottera Ragnhild Johnsen Lefdal og svigersonen Ove Lefdal tok over i 1980, og kring 1993 kom tredje generasjon, sonen Henning Lefdal, inn i butikkdrifta. På same tid vart Oddmund Digernes medeigar og dagleg leiar.

I 2011 flytta Førde Fargehandel inn i nabobygningen, som i si tid vart reist av Bergen Bank.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.02.2011