Hopp til innhold
X
Innhald

Førde Gjestehus og Camping

Resepsjonen til Førde Gjestehus og Camping i gjestehuset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Resepsjonen til Førde Gjestehus og Camping i gjestehuset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Gjestehus og Camping vart bygd på Brulandsvellene i Førde i 1992 av syskenborna Bjørn og Hans Bruland, Rica Sunnfjord Hotell m.fl. Gjestehuset hardde frå starten 16 gjesterom med plass til 32 gjester. I tillegg har anlegget 20 hytter og oppstillingsplass til 50 bilar.

I 2011 vart eit nytt gjestehus med ti rom teke i bruk. Talet på gjestedøger har auka frå om lag 10.000 i starten til 28.730 i 2011.

I 2015 starta arbeidet med å bygge eit kurs-, konferanse- og selskapslokale på 230 kvadratmeter.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015