Hopp til innhold
X
Innhald

Førde Handelslag A/S

Førde Handelslag heldt til i Flomhuset ved enden av Langebrua (hus nummer to til høgre for brua). Vi ser og Klakegg-huset til høgre for Tangen. Biletet er teke i 1937. Foto: Widerøe´s Flyveselskap. © Fylkesarkivet.

Førde Handelslag heldt til i Flomhuset ved enden av Langebrua (hus nummer to til høgre for brua). Vi ser og Klakegg-huset til høgre for Tangen. Biletet er teke i 1937. Foto: Widerøe´s Flyveselskap. © Fylkesarkivet.

Førde Handelslag A/S vart grunnlagt i 1934 og heldt til i eit forretningsbygg som stod like vest for Førde Sport i sentrum sør, og som var eigd av forretningsmannen Nils J. Flom (sjå denne). Førde Handelslag må ikkje forvekslast med Førde Samyrkelag som heldt til eit steinkast lengre aust i den same gata. I handelslagsbygget heldt også slaktar Andreas Grytten til med kjøtforretninga si. I 1939 tok Lasse Grønfur over Førde Handelslag og dreiv landhandelen til kring 1960. Disponent i Førde Handelslag var Ivar J. Berge som seinare starta den kjende Grillen kafè. - Sjå elles artikkelen: Forretningsfamilien Grønfur.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.11.2010