Hopp til innhold
X
Innhald

Førde Metallprodukt AS

Førde Metallprodukt AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Metallprodukt AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Metallprodukt AS vart starta i 1989 av fem aksjonærar. Det er eit blikkenslagerfirma som held til i Angedalsvegen med verkstad og montasjeavdeling.

I 2010 er det to aksjonærar, Bjørn Grande og Margit B. Roth. Førde Metallprodukt AS har 10 tilsette og ei omsetning på nær 10 millionar kroner i 2010.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016