Hopp til innhold
X
Innhald

Førde Ølutsal AS

Førde Ølutsal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Ølutsal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Ølutsal AS vart skipa i 1983. Ølutsalet fekk monopol på all ølomsetning av sterkare ølsortar i Førde kommune, og hadde dette fram til Vinmonopolet midt på 1990-talet tok salet av sterkøl i kl. 3.

Førde Næringssamskipnad var eigar av ølmonopolet fram til Førde Næringsutvikling AS (FNU) vart skipa i 1988. Då vart FNU holdingselskap (morselskap) til ølutsalet. Denne ordninga – med at Førde Næringssamskipnad og seinare det organisasjonseigde tiltakskontoret Førde Næringsutvikling var eigarar av ølmonopolet i Førde - vart seinare kopiert av fleire kommunar i fylket. Dette eigaropplegget var eit triks for å unngå reglane om at kommunane ikkje kunne drive slike ølmonopol, og vart seinare kalla ”Førde-modellen”.

Overskot til kultur og idrett

Overskotet frå Førde Ølutsal AS og liknande ølmonopol har vorte fordelte til kulturorganisasjonar i kommunen. Då FNU, Førde Næringsutvikling, vart skipa vart dette gjort til morselskap for ølmonopolet. Dermed vart det mogeleg å nytte ein stor del av overskotet frå ølsalet til drifta av næringskontoret.

Men reglane som sette forbod mot kommunal eige av ølmonopol vart seinare endra, og etter omskiping i 1991 vart Førde kommune hovudaksjonær i FNU. FNU har seinare gått inn i det interkommunale selskapet Sunnfjord Næringsutvikling AS med hovudkontor i Førde.

Opna for øl i butikkane

Ordninga med ølutsal vart etter kvart avvikla elles i landet, og i 2011 var det att berre tre kommunar i Noreg med ein slik omsetnad av øl. Og i 2012 vedtok Førde bystyre med 14 mot 13 røyster å opne for butikksal av øl. Førde Ølutsal AS vart lagt ned 30. juni same året. Dei sju tilsette miste då arbeidet.

Overskotet i Førde Ølutsal AS har kome kultur og idrettsliv til gode. Mellom anna fekk Førde Idrettslag tilskot. Dette biletet er frå ein 2. divisjonskamp mellom Førde og Vålerenga 2 i 2010. Foto: Bård Siem, NRK.

Overskotet i Førde Ølutsal AS har kome kultur og idrettsliv til gode. Mellom anna fekk Førde Idrettslag tilskot. Dette biletet er frå ein 2. divisjonskamp mellom Førde og Vålerenga 2 i 2010. Foto: Bård Siem, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.06.2012