Hopp til innhold
X
Innhald

Førde Rørleggerforretning

Frå 2005 har Holta & Håland halde til i bygningane til Huseklepp AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå 2005 har Holta & Håland halde til i bygningane til Huseklepp AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Rørleggerforretning vart starta av Peter Helge Huseklepp i 1951. I 1958 tok han til med montering og reparasjonar av tankanlegg m.a. på bensinstasjonar.

I 1975 slo Huseklepp seg saman med Knut Nesthun i Huseklepp & Nesthun AS. I 1981 gjekk Nesthun ut, og firmaet fekk namnet Huseklepp AS. Same året tok sonen til Peter Helge, Oddvar Huseklepp, over som dagleg leiar. På det meste hadde firmaet 13 tilsette.

I 1998 selde Huseklepp drifta av pumpeservice til Dresser Wayne AB. I 2005 starta Holta & Håland AS med olje- og bensinteknisk service. Etter det har Huseklepp AS vore eit reint eigedomsselskap.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.12.2010