Hopp til innhold
X
Innhald

Førde Storsenter

Førde Storsenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Storsenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Storsenter på Øyrane vart opna i 2006. Eigar av Førde Storsenter var Bjarne Kalstad saman med m.a. brørne Edvard og Bjarte Reed, alle frå Førde. Bygget er på 17.000 kvadratmeter og husa m.a. ein ICA Maxi-butikk på 3200 kvadratmeter i første etasje og kring 10 mindre butikkar og ein kafé i andre etasje. På toppen av bygget er det 20 husvære, og med parkeringshus i kjellaren.

I 2007 vart Førde Storsenter selt til investeringselskapet Caveo i Stavanger. Førde Storsenter vart lagt ned i 2009, og den store bygningen vart ståande tom. I 2013 vart Førde Storsenter slege konkurs.

Eit eigedomsselskap med lokale aktørar, Magne Kolstad, Frode Sevaldrud, Arild Vie og Harald Aam, kjøpte same året senteret. Planen er å bygge om og leige ut til kompetansebedrifter. Mellom anna håpar eigarane å få Førde tekniske fagskule som leigetakar. Det nye senteret får namnet F20 Innovasjonssenteret.

I 2014 flytta møbelbutikken Fagmiljø frå sørsida og inn i første etasje i det tidlegare Førde Storsenter.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015