Hopp til innhold
X
Innhald

Førde Torg AS

Førde Torg. Foto: Roy Raasholm Fauske, NRK.

Førde Torg. Foto: Roy Raasholm Fauske, NRK.

Førde Torg AS handelssenter vart opna i Førde i 1996 med kring 20 forretningar. Eigarar av bygget til 53 millionar kroner var grunneigaren Torbjørn Berqvam (sjå artikkelen Forretningsfamilien Berqvam) og entreprenør og investor Fritz Hjelmeland.

Hjelmeland eig naboeigedomen Elvegården som er integrert med Førde Torg som eitt handelssenter med til saman kring 25.000 kvardratmeters golvflate og over 40 ulike butikkar, kaféar m.m. Elvegården husar dessutan fleire større offentlege kontor, advokatar, rekneskapsbyrå, treningsstudio m.m.

I 2011 vart Førde torg bygd saman med Elvegården og fekk namnet Elvetorget.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.05.2012