Hopp til innhold
X
Innhald

Førde Ullvarefabrikk

Frå produksjonslokala til Førde Ullvarefabrikk. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Frå produksjonslokala til Førde Ullvarefabrikk. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Førde Ullvarefabrikk vart grunnlagd ved Sagelva på Halbrend i 1918 av Mathias Leivestad (1873 – 1934) frå Fana. Han hadde arbeidd på Johan Jenssen sin Troldefos Uldvarefabrikk (sjå Industrigründeren Johan Jenssen) i Holmedal i seks år før han satsa for seg sjølv i Førde. Første tida dreiv Leivestad eit ullspinneri på Steinen.

I 1938 flytta fabrikken inn i ny bygning ved Halbrendsbrua, der arbeidsstyrken var oppe i 20 tilsette på det meste.

Fabrikken vart totalskadd av brann i 1977 og vart ikkje bygd opp att.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.11.2011