Hopp til innhold
X
Innhald

Forretningsbrørne Jon og Audstein Kvamme

Jon Kvamme (1909–1980) frå Angedalen starta i 1933 produksjon av vassrøyr i tre saman med broren Audstein. Verksemda laga også utstyr til sagbruk, og rattkjelkar.

Etter ei tid satsa Audstein vidare som maskinentreprenør, medan Jon Kvamme starta bilverkstad, og vart frå 1956 forhandlar av bilmerket Simca, og frå 1958 av Renault. På denne tida produserte den franske fabrikken suksessbilen Renault Dauphine, som vart ein hard konkurrent til VW-bobla – også i Sogn og Fjordane.

I 1960 bygde Jon Kvamme forretningsbygg i Førde sentrum, utvida i 1970. Då Volvo og Renault slo seg saman på 1980-talet, starta Jons son Erik fødd 1945 eiga bilforretning, Biltreff AS i 1982. Denne vart forhandlar av m.a. Mitsubishi og BMW.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.06.2008