Hopp til innhold
X
Innhald

Forretningsfamiliane Hope, Solheim og Dale

Kristian Hope (1890-1931) frå Hyen starta landhandel i 1914. I 1916 gjekk han i kompaniskap med tønnefabrikant Ola Hovland og dreiv landhandelen som aksjeselskap.

Etter ei tid trekte Ola Hovland seg ut og selde sin part til Didrik Dale, som saman med Hope dreiv forretninga under namnet Handelsstova AS. Dei heldt til i huset som Dale Cementstøyperi (sjå Dale Tønnefabrikk) hadde brukt nokre år. Didrik Dale selde sin part til broren Andreas J. Dale.

I 1923 hadde Kristian Hope kjøpt ein eigedom på Tross av familien Vonen, og då han og Andreas Dale braut samarbeidet med Handelsstova i 1927, heldt Hope fram med butikkdrift i handelsbua si på Tross. Andreas Dale heldt for sin del fram med landhandelen under det gamle firmanamnet Handelsstova (sjå nedanfor).

L. J. Sagevik

Etter at Kristian Hope døydde i 1931, heldt enkja Anne Pernille fram med butikkdrifta på Ludvig Sagevik sitt handelsbrev. Ho gifta seg seinare med Sagevik, som bygde nytt forretningsbygg.

Ekteparet dreiv landhandel og handel med bensin og olje under firmanamn L. J. Sagevik. Då Sagevik gav seg i 1959, overtok Albert Hope, ein av sønene til Kristian og Anne Pernille Hope butikken og dreiv fram til 1979.

Anna Hope, Signy, f. Halsnes Hope og Synnøve, f. Hovland Kristiansen utanfor Stjernen Cafe. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet.

Anna Hope, Signy, f. Halsnes Hope og Synnøve, f. Hovland Kristiansen utanfor Stjernen Cafe. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet.

Stjernen Kafé og fiskemat

Ein annan son, John Hope, tok over den gamle butikklokalet på Tross og dreiv Stjernen Kafé der til kring 1970 saman med kona Signy. I 1952 starta dei også fiskematforretning i same bygget.

Solheim Snekkerverksted

Ei søster til Albert og John Hope, Bjørg, vart gift med Erling Solheim som i 1940 hadde starta møbelproduksjon i Solheim Snekkerverksted på Tross. I 1963 starta Bjørg og Erling interiørforretninga A.S. Møbler & Utstyr, som sonen Leif Agnar Solheim tok over i 1989. Same året vart snikkarverkstaden lagt ned og gjort om til lager.

Møbler & Utstyr. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Møbler & Utstyr. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Handelsstova AS

Andreas Dale heldt etter brotet med Kristian Hope i 1927 fram for seg sjølv med Handelsstova AS, og var samstundes ekspeditør for Fylkesbaatane. Dale dreiv ei tid med sildesalting, og bygde nytt pakkhus i 1939. Han bygde ferjekai for bilar (sjå: Ferdsla på fjorden i Fjaler) i 1936, og seinare eit stort tre-etasjes forretningsbygg ved kaia som husa både butikk og kontor, og Fjaler Ungdomsheim med overnatting og kafé. I tillegg til butikkvarene, selde Andreas Dale også olje og bensin, trelast og kunstgjødsel.

Dale Spesialvarer AS

Dale Spesialvarer AS

Bygget vart i 1988 overteke av Kåre Solheim, son til Bjørg og Erling Solheim (sjå ovanfor). Han opna butikken Dale Spesialvarer AS.

Fjaler Matsenter

Matvarebutikken i bygget, som vart driven av Olav Tessem, vart flytta over i Dale Senter under namnet Fjaler Matsenter. Dette gjekk konkurs i 1989. Kjøpmann Rune Iden frå Hyllestad dreiv matvarebutikken til 1997, då Asko Vest AS i Bergen overtok.

I 2005 bygde Kåre Solheim om det gamle ekspedisjonsbygget på kaia til fem utleigehusvære for turistar. Bygget har namnet «D/S Ekspedisjonen». I 2012 vart bygningen øydelagd av brann.

Brannen i det tidlegare ekspedisjonsbygget 10. april 2012. Foto: Rune Dale.

Brannen i det tidlegare ekspedisjonsbygget 10. april 2012. Foto: Rune Dale.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.04.2013