Hopp til innhold
X
Innhald

Forretningsfamilien Berg

Berg-huset på Raudeberg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Berg-huset på Raudeberg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Brørne Andreas O. Berg og Jeremias O. Berg kom frå Jølster til Raudeberg sist på 1800-talet. Dei to brørne og etterkomarane deira bygde opp ei mangslungen forretningsverksemd på Raudeberg. Broren Nikolai vart verande att i Jølster og vart ein kjend fotograf i bygda. Både Andreas og Jeremias fekk seg arbeid hjå Mons J. Aase på Raudeberg før dei starta kvar for seg med landhandel og fiskehandel.

Familien etter Andreas O. Berg

Andreas Olsson Berg overtok den gamle ”kremmareigedomen” Holzhammer på Raudeberg og starta landhandel. Der reknar ein med at det hadde vore handel sidan 1700-talet (sjå eigen artikkel). Fem av borna til Andreas Olsson Berg og ektemaken Amalie vart forretningsdrivande på Raudeberg: Otto, Andreas, Jenny, Inga og Magnus. Dei eldste brørne Otto og Andreas starta handelsfirmaet Berg A/S i 1920. Firmaet dreiv både dampskipsekspedisjon, landhandel og fiskeforretning med eksport. Det var dette firmaet som bygde ”Ottobuda” som strauk med i ein stor brann på 1990-talet. Systera Jenny vart gift med landhandlar Kristian P. Antonsen (sjå denne) på Raudeberg. Sonen til Andreas Andreassen Berg, Reidar Berg, tok over ”Antonsenbuda” etter tanta Jenny Antonsen og dreiv handel med trelast og maling. I dag er det sonen til Reidar Berg, Asgeir, som driv dette firmaet. Ei anna dotter til Andreas O. Berg heitte Inga. På same vis som systera Jenny vart ho også gift med ein handelsmann på Raudeberg. Han heitte Ivar Starheim (sjå denne). Sonen deira, Bjarne, dreiv frå kring 1950 til kring 1980 eit gartneri på Raudeberg i tillegg til butikken. Då Andreas Olsson Berg døydde berre 32 år gamal i 1904, gifta enkja Amalie seg opp att med Peder Hansson Eide. Dei fekk sonen Monrad. I 1939 starta Monrad Eide landhandel på Raudeberg saman med halvbroren Magnus Berg under firmanamn Berg & Eide. Dei selde manufakturvarer og konfeksjon, bygde ei større sjøbu under sildeåra på 1950-talet, og dreiv også sal av olje til fiskeflåten.

Berg & Eide dreiv butikk i dette huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Berg & Eide dreiv butikk i dette huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Familien etter Jeremias O. Berg

Jeremias O. Berg starta truleg med landhandel og fiskemottak i 1902. Landhandelen heldt etter 1916 til i det kjende ”Berghuset” ved vegkrysset i Raudeberg sentrum. Der heldt også telefonstasjonen til, og det var syster til Jeremias, Oleanna, som var telefonstyrar. Då Jeremias O. Berg døydde i 1917 berre 38 år gamal, dreiv enkja Olina (Lina) forretningane fram til kring ho døydde i 1924. Då tok den eldste sonen Olav tok over, men han la ned handelen på 1930-talet. Elles dreiv broren til Olav, Ingbjørn Berg, eit røykeri på Raudeberg. Ein annan bror var Ragnar Berg som dreiv drosje, og ein fjerde bror, Jeremias Klaus Berg, vart lensmann i Vågsøy.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2010