Hopp til innhold
X
Innhald

Forretningsfamilien Berqvam

Handelshuset som vart reist i 1987. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Handelshuset som vart reist i 1987. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Forretningsfamilien Berqvam har vorte godt «synlege» i bybiletet i Førde frå midten av 1980-talet. Det er posisjonen som store jordeigarar i sentrums-området på nordsida av Jølstra som har danna grunnkapitalen for Berqvam-familien si sterke satsing på forretningseigedomar.

På dette biletet ser vi gardshusa på Falkenstein. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På dette biletet ser vi gardshusa på Falkenstein. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stamfaren til Berqvam-familien var Ole Olson Berqvam. Ekteparet Guttorm Berqvam fødd 1943 og Ida Berqvam eig den gamle storgarden Falkenstein (sjå: Prestegarden på Skei), og Guttorms bror Torbjørn fødd 1944 eig ein annan av dei store gardane på Skei.

I felleseige bygde Berqvam-familien i 1974 den store forretningsgarden Berqvamgården som ligg rett over gata ved rutebilstasjonen. Den husar m.a. Førde Kroa. Denne serveringsstaden vart i 1995 seld til Geir Rørstadbotnen. Då han døydde i 2008 overtok dottera Mariel drifta. Jo selde i 2013 Førde Kroa til Roy Solbakken, som og eig Centrum Bensin AS og Quality Førde Hotell (sjå Hafstad Hotell).

Berqvamgården. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Berqvamgården. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Slaktehus vart handelshus

I 1985 kjøpte Guttorm og Ida Berqvam saman med kjøpmann Norvald Nilsson Årdal det fråflytta slakteriet som Vestlandske Salslag hadde reist like nord for Jølstra i 1964. Berqvam og Årdal eigde då ein halvpart kvar. Berqvam bygde om det tidlegare slakteriet til "Handelshuset", som med 11.000 kvm. var det største kjøpesenteret i Sogn og Fjordane då det opna i 1987. Ida og Guttorm Berqvam vart etter nokre år eineeigarar, og har sidan drive forretningsverksemda gjennom selskapet Qvam AS.

Det eldste handelshuset (til høgre) er bunde saman med det nye med ei innebygd gangbru. Den såkalla skywalken var omdiskutert då den vart bygd. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det eldste handelshuset (til høgre) er bunde saman med det nye med ei innebygd gangbru. Den såkalla skywalken var omdiskutert då den vart bygd. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ida og Guttorm Berqvam vart etter ca. 15 år eineeigarar av Handelshuset, og har sidan drive forretningsverksemda gjennom selskapet Qvam AS. Det første kjøpesenteret som baserte seg på bygningskroppen til det tidlegare slakteriet, har sidan vorte mykje utvida med tilbygg. I 2005 vart Handelshus II på nordsida av gata opna. Dei to handelshusa er knytte saman med ei gangbru over gata, og er det største handelskomplekset mellom Bergen og Ålesund, med over 60 butikkar, kaféar, restaurantar m.m.

Bohus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bohus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1995 bygde Qvam AS forretningsbygg for Møbelkjeden Idè (no Bohus), og dette bygget har seinare fått to etasjar med husvære på toppen. Qvam AS eig også den gamle ”ullsentralen” like ved Berqvamgården.

Bror til Guttorm Berqvam,Torbjørn Berqvam, bygde i 1996 saman med entreprenør Fritz Hjelmeland (sjå Forretningsfamilien Hjelmeland) kjøpesenteret Førde Torg AS på 11.000 kvm like ved Handelhuset i Storehagen i Førde.

I 2011 gjekk Handelshuset inn i Amfi-kjeda, som etter det står for drifta av handelssenteret. Men kjeda er ikkje inne på eigarsida.

Det nye Handelshuset stod klart i 2005. Foto: Roy Raasholm Fauske

Det nye Handelshuset stod klart i 2005. Foto: Roy Raasholm Fauske

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.01.2013