Hopp til innhold
X
Innhald

Forretningsfamilien Friis Gundersen

Friis Gundersen-huset i Naustdal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Friis Gundersen-huset i Naustdal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Johan Sebastian Friis, presteson frå Førde, kjøpte i 1843 først Naustdals-garden av Mads Boge Martens, og tok seinare over handel og gjestgiveri. Frå 1859 vart han den første dampskipsekspeditøren i Naustdal for Fylkesbaatane.

Svigerson til Friis, Henrik Gundersen, var husmannsson frå plassen Naustdalslia. Han vart dampskipsekspeditør i 1879, og tok over handel og gardsbruk i 1885. Han utvida verksemda med fargeri heime på garden og mølle ei ved Naustdalsfossen, der han eigde elverettane på vestsida. Seinare bygde han òg ein snikkarverkstad ved fossen. Der arbeidde det 13 personar m.a. med produksjon av pinnestolar. Verkstaden brann i 1902, og vart ikkje bygd opp att.

Hølen under Naustdalsfossen er kjend som ein av dei beste fiskeplassane for laks på Vestlandet. Frå gamalt vart laksen teken med not og kjær/laksegarde i hølen og fossen, men på slutten av 1800-talet vart den populær blant engelske ”lakselordar”.

Gundersens Hotell.

Gundersens Hotell.

Gundersens Hotell

I 1899 kjøpte Henrik Gundersen eit toetasjes trehus i Bergen og bygde det opp som hotell i Naustdal. Huset hadde kring 10 overnattingsrom der Gundersen hadde laksefiskarar i fullpensjon i sommarhalvåret. Elles i året vart huset leigd ut til bryllaup og andre lokale tilstellingar. I ”Hotellet”, som bygget gjekk for på folkemunne, var det også postkontor. Bygget vart rive i 1970. 1.7412933

Her ved Naustdalsfossen bygde Henrik Gundersen mølle og snikkarverkstad. Dette biletet er teke i samband med bygginga av Fossebrua i 1923. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Her ved Naustdalsfossen bygde Henrik Gundersen mølle og snikkarverkstad. Dette biletet er teke i samband med bygginga av Fossebrua i 1923. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Bygde kraftverk

I 1910 bygde Henrik Gundersen kraftverk i Naustdalsfossen. Kraftverket forsynte fem husstandar. Han hadde nok større planar om fleire abonnentar, men vart utkonkurrert av kraftverket som kom i Hovefossen i 1918 og som hadde støtte både frå bank og kommune. Kraftverket til Gundersen var likevel i drift til 1956.

Familien Friis Gundersen eig framleis lakserettane under Naustdalsfossen, og driv utleige av hus til laksefiskarar.

Nedste delen av Nausta. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nedste delen av Nausta. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.12.2010