Hopp til innhold
X
Innhald

Forretningsfamilien Grønfur

Forretningsbygget som Grønfur reiste i 1955. Biletet er teke av Dagfinn Reiakvam før forretningslokala vart tekne i bruk. Førde Sport held i 2007 framleis til i lokala, men med nye eigarar.

Forretningsbygget som Grønfur reiste i 1955. Biletet er teke av Dagfinn Reiakvam før forretningslokala vart tekne i bruk. Førde Sport held i 2007 framleis til i lokala, men med nye eigarar.

Annonse for Førde Sport og Førde Handel i 1957.

Annonse for Førde Sport og Førde Handel i 1957.

Lasse Grønfur (1903–1986) frå Sandane tok over landhandelen Førde Handelslag AS (sjå Industri og næring i Førde startår 1934) i 1939. Han hadde tidlegare arbeidd som forretningsmann på Stadlandet og Sandane.

Bygde stort forretningsbygg

I 1946 starta Grønfur Førde Sport, og i 1955 bygde han eitt av dei største forretningsbygga i Førde. Bygget husa fram til 1974 Televerket og jordskifteverket, frå 1998 trimsenteret S.A.T.S., som etter konkurs i 2001 vart heitande Spenst, under nye eigarar.

Eigedom i Sentrum sør

Då Firda Billag i 1963 flytta til nye lokale på nordsida av Jølstra, kjøpte Lasse Grønfur ekspedisjonsbygningen og eigedomen i sentrum sør. Her dreiv han landhandel, og var fylkesforhandlar for bilmerka Skoda, Scania og Toyota.

Fram til Førde fekk «ølmonopol» i 1983 (sjå Førde Ølutsal AS), var Grønfur kommisjonær for Hansa Bryggeri. I 1971 starta Lasse Grønfur saman med Norvald Årdal (sjå Kjende personar i Jølster fødde år 1930-1950) Blinken Matsenter. Dette var til då fylkets største matvareforretning, som kom opp i ei årsomsetning på 50 millionar kroner.

Annonse for Blinken Matsenter og Blinken Nord, som heldt til i Berqvam-bygget. I 2010 held Førde Kroa til i desse lokala.

Annonse for Blinken Matsenter og Blinken Nord, som heldt til i Berqvam-bygget. I 2010 held Førde Kroa til i desse lokala.

Blinken dreiv ei tid matsenter i Berqvambygget på nordsida av elva. Kring 1980 kjøpte Blinken det store industribygget til Schiøtt Konfeksjonsfabrikk på Øyrane, og dreiv ei tid Blinken Lagersalg der. Seinare skilde kompanjongane Grønfur og Årdal lag, og Norvald Årdal dreiv vidare sin eigen Bravo-butikk då Handelhuset opna i 1987.

Førde Sport i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Sport i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Jernvarer og glasmagasin

Lasse Grønfur trekte etter kvart sønene Per fødd 1931, Arne fødd 1939 og Jarle fødd 1944 med i forretningsdrifta, som vart utvida med jernvareforretninga Spesialvarer AS. Denne har sidan 1988 halde til i eige bygg på Hafstad. I sentrumsbygget overtok Jarle Grønfur i 1977 Gavesenteret AS som var starta i 1972 av Einar Bruland. Det fekk då namnet Jarle´s Gavesenter. Dette var i drift til 2012 då Jarle Grønfur avvikla fordi omsetninga minka og ingen ville ta over.

Fleire eigarar av sportsforretninga

På 1980-talet dreiv også Per Grønfur sportsforretninga «Sporten» i Florø. Førde Sport vart i 1996 seld til Rune og Even Hole. Dei selde forretningane vidare til Bjørn Sandsmark og Johan Kåre Kjerstad i 2006. Førde Sport gjekk konkurs i 2008, men heldt fram under nye eigarar; Even Hole, Øystein Djupvik og Arne Runde. I 2011 kjøpte dei og konkursbuet etter MX Sport i Handelshuset II og etablerte dermed ei avdeling på andre sida av elva. Men etter berre fire månaders drift, i 2012, la Førde Sport ned avdelinga i Handelshuset II. Og i 2013 gjekk Førde Sport konkurs, og fylkets eldste sportsforretning vart lagd ned.Treningssenteret Spenst overtok lokala, og brukar i 2014 både første og andre etasje i bygningen.

Førdetun

I år 2000 vart forretningbygget i sentrum sør, der m.a. Rema 1000 heldt til, mykje utvida og modernisert som handelssenter og kontorbygg under namnet Førdetun. Seinare flytta Rema 1000 til forretningsbygget som den tyske kjeda Lidl bygde på Hafstad.

Førdetunet i 2007. Etter det har m.a. Rema 1000 flytta ut. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førdetunet i 2007. Etter det har m.a. Rema 1000 flytta ut. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015