Hopp til innhold
X
Innhald

Forretningsfamilien Henden

Forretningsbygget som Olav K. Henden bygde i 1926. I 1968 flytta eine sonen, Kristen Henden, sportsforretninga over i nybygget i sentrum, medan ein annan son, Arne Henden, heldt fram med bilforretning her til 1981, då det vart flytting til nytt anlegg i Mona. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Olav K. Henden våpen- og sportsforretning på Sandane vart grunnlagt i 1920 av Olav K. Henden. O.K. Henden var mellom dei første som starta sal av bilar i Sogn og Fjordane då han vart agent for Ford i 1926. Henden hadde også bensinstasjon og bilverkstad, og dreiv i tillegg som drosjesjåfør og sjåførlærar.

Arne Henden med ein ny Volvo-modell, 144, i 1966. Som vi ser fekk han kjennemerke som stod i stil med modellen. Privat foto.

Arne Henden med ein ny Volvo-modell, 144, i 1966. Som vi ser fekk han kjennemerke som stod i stil med modellen. Privat foto.

Volvo-forhandlar

Frå 1945 vart han importør og forhandlar av Volvo, etter å ha sagt opp Ford-agenturet. Bror til Olav K. Henden, Rolv Henden, var direktør i Firda Billag. Han spela ei sentral rolle då det vart starta bussfabrikk på Sandane i åra etter 2. verdskrig. Firda Billag var stor kunde hjå Sandane Karosserifabrikk. Men då rutebilselskapa i Sogn og Fjordane på 1960-talet freista å samarbeide om å få bygd ein felles bussfabrikk, tapte Rolv Henden kampen for å få fabrikken til Sandane. I staden vart Vest Karosseri lagd til Stryn i 1965.

Dette forretningsbygget stod klart i 1968. Frå då har Olav K. Henden sportsforretning halde til her. Foto: Ottar Starheim, NRK

Dette forretningsbygget stod klart i 1968. Frå då har Olav K. Henden sportsforretning halde til her. Foto: Ottar Starheim, NRK

Deling av forretninga

Sønene til O.K. Henden, Kristen Henden og Arne Henden, tok over sports- og bilforretninga i 1958. Dei to brørne dreiv først i felleskap, men frå 1968 vart det delt slik at Kristen eigde sportsforretninga og Arne tok Volvo-agenturet. Arne Henden bygde etter kvart opp Volvo-avdelingar i Førde og Sogndal, i tillegg til hovudavdelinga på Sandane. I 1981 flytta Hendens Bilforretning inn i nye lokale i Mona på Sandane. Men i 1984 gjekk bilfirmaet konkurs, og nye eigarar tok over anlegga under firmanamn SF Auto. I 2005 kjøpte Frydenbø Bilsenter i Bergen Volvo-forhandlaren SF Auto på Sandane og i Sogndal.

G-Sport Sandane

Sportsforretninga til Henden-familien i Sandane sentrum vert framleis driven, men namnet er endra frå Olav K. Henden AS til G-Sport Sandane, og med Olin Johanne Henden som dagleg leiar.

Eitt av dei fire landflya Fjordfly hadde. Biletet er teke i samband med opninga av Sandane Lufthamn i 1975. På denne tida hadde Fjordfly 15 tilsette. Privat foto.

Eitt av dei fire landflya Fjordfly hadde. Biletet er teke i samband med opninga av Sandane Lufthamn i 1975. På denne tida hadde Fjordfly 15 tilsette. Privat foto.

Eige flyselskap

I 1957 starta Arne Henden det første flyselskapet i Sogn og Fjordane – Fjordfly. Dette dreiv m.a. avis- og ambulanseflyging. I dei første «oljeåra» i Nordsjøen satsa Arne Henden med Fjordfly sterkt på transport av oljearbeidarar mellom Noreg og Stortbritannia, men kom i økonomiske vanskar og gjekk konkurs i 1975. Firdafly vart reist på ruinane etter Fjordfly.

Bilforretninga som Arne Henden bygde i Mona i 1981 heitte då dette biletet vart teke i 2006 SF Auto, no er namnet Frydenbø Bilsenter Sogn og Fjordane AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bilforretninga som Arne Henden bygde i Mona i 1981 heitte då dette biletet vart teke i 2006 SF Auto, no er namnet Frydenbø Bilsenter Sogn og Fjordane AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 03.02.2020