Forretningsfamilien Knutsen tek over Hermansverk

Hermansverk slik tettstaden ser ut i dag med Nokkaneset og Sognefjord hotell lengst til høgre, deretter mot venstre Statens Hus, Fylkeshuset, Sparebanken Sogn og Fjordane, Skald Forlag og Lerum-bygget.. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Knutsen-familien stamma frå Bergens-kanten. Den tok etter Fretheim-konkursen over det meste på Hermansverk og dreiv handel og damspkipskai, hotell, slakteri og pølsefabrikk, bygde ein stor hermetikkfabrikk med elektrisitetsverk, mølle, sagbruk, høvleri og trelastlager.
Heile Hermansverk var prega av aktivitetar kring familien Knutsen: Gullak Olai Knudsen (1832-1908) var stamfar til Knutsen-folket på Hermansverk. Han var fødd på Årstad ved Bergen og hadde gått i møllarlære i Danmark. Han starta først ei mølle i Erdal i Lærdal kommune, og budde der før han flytta til Hermansverk og bygde ei mølle der. Han hadde tre born: Arnanda, Albert og Henrik.
Dottera Arnanda dreiv hotell, sonen Henrik og hans etterkomrarar dreiv m.a. hermetikkfabrikk, trelasthandel og pølsefabrikk, medan ein annan son, Albert, rådde med landhandel og skipsekspedisjon. Særleg dei to store bygningane på kaien som romma hermetikkfabrikken og trelasthandelen ruva godt i landskapet, og alle Knutsen-verksemdene gav arbeid til kring 100 personar på det meste.
Leikvang Hotell
På tvangsauksjonen etter konkursen til Hanna og Peter Johan Fretheim i 1897, kjøpte Arnanda Knutsen hotellet på Hermansverk saman med ei prestedotter frå Lærdal, Henriette Schielderup.
Knutsen-familien som kjøpmenn og industrifolk
Kring Henjaelvi og dampskipskaia rådde Knutsen-familien som eigarar av handel og industri i lang tid, fram til dei siste bygningane og kaia brann i 1979:
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 02.08.2011