Hopp til innhold
X
Innhald

Forretningsfamilien Lefdal i Måløy

Forretningsbygget som Lefdal reiste i 1952. Foto: Ottar Starheim.

Forretningsbygget som Lefdal reiste i 1952. Foto: Ottar Starheim.

Iver Lefdal frå Lefdal starta i 1928 med fiskehandel og seinare kol- og vedforretning på Skram i Måløy.

Lefdal hadde tidlegare vore arbeidsformann på fiskebuda til Ulf Lem. På eigedomen som Lefdal kjøpte på Skram, hadde ein Riisnes frå Hordaland bygd sjøbu, og i ei brakke ved Gate 1 vart det drive landhandel og skomakarverkstad. Her hadde også Ålesund-firmaet Anton Tollaas filial, der Ottar Tolaas og systera Hjørdis Strand var butikkbetjening. I sjøbuda starta ektemaken til Iver Lefdal, Hanna, eiga systove. I 1938 hadde ho også lært kunsten å lage hattar og opna eiga hatteforretning. I etterkrigsåra dreiv Hanna Lefdal A/S såpass stor produksjon av hattar at den vesle fabrikken kunne levere til mange forretningar i dei næraste kommunane.

Fire etasjar i Gate 1

I 1952 bygde Lefdal ein stor, kombinert forretnings- og bustadeigedom på fire etasjar ved Gate 1. Her har manufakturforretninga halde til sidan. Kol- og vedforretninga som Iver dreiv i sjøbuda bak forretninga, vart avvikla i 1954. Sønene Per Kåre og Erling Lefdal tok over som eigarar i 1970. Borna til Per Kåre Lefdal, Per Arne, Ingrid Lefdal og Olaf, er seinare komne med i drifta av forretningane.

Ungdomskle i Oslo-området

I 1988 opna Lefdal filialbutikk i det nye kjøpesenteret Oslo City: City Fashion AS. Dette var då ein av dei største butikkane for ungdomskle i hovudstaden, og dette skulle verte starten på ei stor utbygging av butikkfilialar for ungdomskle i Oslo-området, med butikkar på Strømmen, Stovner og Vinterbro. Dei to siste selde konsernet i 2004.

I 2004 hadde Lefdal-konsernet ei samla omsetning på kring 50 millionar kroner, derav 10 millionar kroner i Måløy.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.10.2011