Hopp til innhold
X
Innhald

Forretningsfamilien Lødemel

Til venstre Lødemel bokhandel, til høgre PeBe Klær AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Til venstre Lødemel bokhandel, til høgre PeBe Klær AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bottolv A. Lødemel (1888-1975) starta i 1910 skreddarverkstad på Grodås. Han hadde fleire syersker i arbeid. I 1920 bygde han hus med verkstad og forretning. I 1924 starta han bokhandel; Lødemel bokhandel. Han dreiv elles med ulike agentur og hadde drosjeløyve.

Nybygg vart reist i etappar frå 1955 og fram til 1963 då noverande bygg i tre etasjar stod ferdig. I dette bygget starta Grodås fabrikker AS.

Bottolv A. Lødemel i baksetet på ein ny splitter ny bil han hadde kjøpt, ein Nash 1929-modell. Ved rattet Olav Loen. Bak bilen forretningsbygget til Lødemel med butikk og skreddarverkstad. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Sonen Per B. Lødemel tok over skreddarforretninga like etter krigen. Han køyrde også drosje. Per dreiv forretninga til tredje generasjon frå Lødemel-slekta tok over og i dag driv forretninga under firmanamnet PeBe Klær AS.

Ein annan son til Bottolf A. Lødemel, Asbjørn B. Lødemel, tok over Lødemel Bokhandel. I 1989 tok Asbjørn sin son, Bjørn Lødemel, over bokhandelen, og fører i tillegg gåveartiklar og leikar. I 2009 er namnet Lødemel Bok og Interiør As.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 18.02.2011