Hopp til innhold
X
Innhald

Forretningsfamilien Øren

Etterkomarane etter Andreas Øren har vore folk med tiltakslyst. Eitt av resultata er Per A. Ørens Transportforretning, eit stort firma innan transport og anleggsarbeid. Her er ein av bilane til Øren på veg ned Hemsedalsfjellet etter ein tur til Austlandet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Garden Øren var ved sida av Sæbø ein av dei største gardane i Høyanger. Heile garden vart seld då reisinga av den nye industribyen starta i 1915.

Andreas Øren

(1875-1951), som var gardbrukar, hadde drive handel med trelast og jordbruksvarer kringom i Sogn. Han selde garden for 85.000 kroner då industrireisinga tok til i Høyanger.

Høyangsfjorden med garden Øren i 1916, rett før bygda vart endra frå ein stille fjordbotn til eit pulserande industrisamfunn.

Høyangsfjorden med garden Øren i 1916, rett før bygda vart endra frå ein stille fjordbotn til eit pulserande industrisamfunn.

Per A. Øren

(1900-1951) var eldste sonen til Andreas. Han starta som dampskipsekspeditør i Høyanger i 1925. Han fekk to år seinare leigevognløyve og dreiv varetransport m.a. for meieriet. Frå 1937 har firmaet også selt oljeprodukt, og har seinare utvida med eiga maskinentreprenøravdeling. Per A. Øren var også medskipar av Høyanger Trelastkompani A/S.

Per A. Øren starta som dampskipsekspeditør. Firmaet nyttar framleis dette huset på kaia i Høyanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK:

Per A. Øren starta som dampskipsekspeditør. Firmaet nyttar framleis dette huset på kaia i Høyanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK:

Andreas sine brør Hans, Johan og Anton vart også sentrale menn i utbyggjinga av handel og næringsliv i Høyanger i mellomkrigstida:

Johan Øren var ein av fire brør som vart sentrale i næringslivet i Høyanger. Dette fotoet er teke i USA der han var frå 1911 til 1913. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Johan Øren var ein av fire brør som vart sentrale i næringslivet i Høyanger. Dette fotoet er teke i USA der han var frå 1911 til 1913. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hans Øren

(1877-1930) leigde frå 1900 til 1904 Magnus Kirkebø landhandel på Kyrkjebø. Etter ei tid som gardbrukar på Austlandet kom han tilbake og bygde Ørens Hotell på Sæbøtangen i Høyanger i 1920. Hotellet hadde 35 senger. På same tomta bygde han også landhandel. Etter at Hans døydde i 1930, dreiv kona Anna hotell og butikk i mange år før døtrene Åslaug og Gunnhild Øren overtok. Butikken vart totalt øydelagt under storflaumen i Høyanger i 1971. Hotelldrifta gjekk på 1970-talet over til Hans Øren, som ei tid også eigde Førde Hotell i Førde. Ørens Hotell vart seinare overteke av Egil Lidal frå Balestrand, som seinare selde til dansken Jens Friis. Hotellet gjekk konkurs i 2002, men vart etter konkursen overteke av Høyanger Trelastkompani A/S.

Johan Øren d.e.

(1880-1958) kom etter ei tid i USA tilbake til Høyanger og starta landhanddel i 1916. Han bygde stort forretningshus i sentrum.

Johan Øren

(fødd 1924), son til Johan Øren d.e. overtok butikken i 1954 og la om til jernvarer og konfeksjon. I 1988 selde han forretninga til Geir Høyvik. Seinare overtok Høyanger Samvirkelag eigedomen og reiv forretningsgarden i 2000 for å byggje nytt.

Anton Øren

(1890-1969) starta manufakturforretning i Høyanger i 1923.

Per A. Øren Transportforretning A/S

hadde i 2000 20 vogntog, 40 tilsette og ei omsetning på 40 millionar kroner. Dagleg leiar er Per Andreas Øren.

Frå bygginga av forretningsgarden til Johan Øren. Her er det tomta som blir graven ut, av Johan Øren sjølv, med spade og trillebår som  hjelpemiddel. Fotografen til NACO tok foto av arbeidet kvar veke for at verksleiinga kunne kontrollere at Øren fylgde reguleringsplanen deira. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro-arkivet/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På dette biletet frå ca. 1930 ser vi samvirkelaget lengst til høgre, vegg i vegg med butikken til Johan Øren. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På dette biletet frå ca. 1930 ser vi samvirkelaget lengst til høgre, vegg i vegg med butikken til Johan Øren. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Butikklokala til Johan Øren. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro-arkivet/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Butikklokala til Johan Øren. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro-arkivet/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 20.08.2010