Hopp til innhold
X
Innhald

Forretningsfamilien Rønnekleiv

Ole Johan E. Rønnekleiv (1887-1957) starta landhandel ved dampskipskaia i Hyen i 1919 under firmanamn O. Rønnekleiv.

Ole Johan E. Rønnekleiv (1887-1957) starta landhandel ved dampskipskaia i Hyen i 1919 under firmanamn O. Rønnekleiv.

Han hadde som ungdom m.a. vore postførar over Strynefjellet, maskinist på turistbåten på Strynevatnet, og gjort det bra som fehandlar og med kjøp og sal av landbruksvarer og viltskinn før han i 1917 vart dampskipsekspeditør i Hyen. To år seinare starta han landhandel på kaia.

Mangslungen forretningsdrift

Seinare kom sønene Eilev, Olav og Bodvar og dottera Bjørg med i den mangslungne forretningsdrifta: Eilev som styrar for butikken, Bodvar som kaiekspeditør og styrar i landbruksvareavdelinga og på bensinstasjonen, og Bjørg som styrar for eit lite pensjonat.

Dampskipskaia i Hyen, der Ole Johan Rønnekleiv starta landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dampskipskaia i Hyen, der Ole Johan Rønnekleiv starta landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Olav Rønnekleiv, som hadde arbeidd nokre år som eigedomsmeklar i Canada, kom først inn i forretningsdrifta i Hyen på 1970-talet. Eilev O. Rønnekleiv tok over forretninga då faren Ole Johan døydde i 1957. I 1977 vart eigedomen skøytt over til sonen til Eilev, Ole Johan E. Rønnekleiv. Butikken gjekk konkurs i 1989.

Ole Johan Rønnekleiv (t.h.) saman med sonen Eilev (i midten) og Matias Rønnekleiv på kaia i 1940.

Ole Johan Rønnekleiv (t.h.) saman med sonen Eilev (i midten) og Matias Rønnekleiv på kaia i 1940.

Turistsenter og flyktningmottak

I 1974 reiste Rønnekleiv bygget «Straumsheim» med butikk i første høgda og hotellet Hyen Turistsenter i dei to øvste etasjane. Olav Rønnekleiv overtok drifta av Hyen Turistsenter AS i 1977, og frå 1987 nytta han hotellbygningen og to andre bygningar ved kaia til eitt av dei største flyktningmottaka i landet.

Columbus Turistsenter, tidlegare Straumsheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Columbus Turistsenter, tidlegare Straumsheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Etter butikkkonkursen i 1989 skifta også det kombinerte butikk- og hotellbygget «Straumsheim» eigar: Arild Liset frå Florø overtok dette i 1991 og dreiv ei tid hotellet under namnet Columbus Turistsenter. I 1995 overtok den utflytte hyaren Olav Hjorteset i Oslo hotellbygget. I 2013 kjøpte Brødrene Aa Eigedom AS Colombus-bygget for å bruke det til husvære for arbeidarar frå Aust-Europa.

Hyen Fjordsenter

Olav Rønnekleiv dreiv flyktningsenteret sitt vidare i dei eldste Rønnekleiv-bygningane under namnet Hyen Fjordsenter AS. Seinare vart bygningane nytta som feriehus og husvære. Hyen Fjordsenter AS vart oppløyst i 2006.

Hyen Fjordsenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hyen Fjordsenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.03.2013