Hopp til innhold
X
Innhald

Forretningsfamilien Sætremyr

Fabrikktrålaren Tenor er eitt av skipa Sætremyr-familien har eigd.

Fabrikktrålaren Tenor er eitt av skipa Sætremyr-familien har eigd.

Ole Sætremyr og sønene Alf, Ivar og Reidar bygde opp eitt av dei største fiskebåtreiarlaga i Sogn og Fjordane. Sætremyr-selskapet har også vore det einaste fabrikkskipsreiarlaget i Sogn og Fjordane. I Skavøypollen har medlemer av Sætremyr-slekta bygd opp ein stor plastbåtfabrikk, og ei tid vart dei tungt inne i oppdrettsnæringa.

Ole Sætremyr.

Ole Sætremyr.

Det starta på 1950-talet då Ole Sætremyr (1893-1968) frå Herøy på Sunnmøre fiska godt med snurparen ”Tenor”. Han hadde tidlegare drive som fiskar og vore skipper på fraktebåtane til Maaløy Ruteselskap i 15 år før han starta for seg sjølv. I mellomkrigstida var Sætremyr medeigar i fraktebåten ”Brodd ” saman med brørne Arnt og Simon Midtgaard. ”Brodd” vart rekvirert av tyskarane under krigen, og etter krigen fekk Sætremyr så god erstatning for ”Brodd” at han kunne kjøpe ein stor sildesnurpar som han kalla ”Tenor”.

Satsa på fabrikkskip

Sønene Alf og Ivar Sætremyr kom med i drifta av båten og reiarlaget, og i 1966 fekk Sætremyr-brørne bygd fabrikktrålaren ”Ole Sætremyr” ved Liaaen Verft i Ålesund. Dette var den første fabrikktrålaren som var eigd av folk frå Sogn og Fjordane. Broren til Ivar og Alf, Reidar Sætremyr, arbeidde som skipsingeniør i Ålesund og teikna fleire av fiskebåtane som reiarlaget etter kvart kjøpte. Han var også medeigar i fiskebåtreiarlaget i Måløy. I 1974 fekk fiskeriselskapet til Sætremyr fabrikktrålar nummer to: Den fekk namnet ”Tenor” etyter den tidlegare storfiskaren. I 1978 vart den første fabrikktrålaren ”Ole Sætremyr” selt, og trålkonsesjonen gjekk over til ein nybygd fabrikktrålar med same namn: ”Ole Sætremyr”. På 1980-talet vart fabrikktrålaren ”Tenor” seld til Grønland samstundes som Sætremyr kjøpte fabrikkskipet ”Ottar Birting” og gav det namnet ”Tenor”.

Fabrikktrålaren Ole Sætremyr i 1966.

Fabrikktrålaren Ole Sætremyr i 1966.

Deling av familieverksemda

Tidleg på 1980-talet vart den eldste av dei tre brørne, Alf Sætremyr, kjøpt ut av firmaet av dei to andre brørne, Ivar og Reidar. Like før Ivar Sætremyr døydde i 1995 vart Sætremyr-selskapa delte slik at dei fem sønene hans, Åge, Per, Geir Ole, Arne og Tom Sætremyr tok overtok Måløy Verft og fabrikktrålaren ”Ole Sætremyr”, medan Reidar Sætremyr og hans born, Ole Mikal Sætremyr og Kristin Sætremyr Fylling, fekk fabrikktrålaren ”Tenor” og oppdrettsdelen av verksemda. Oppdrettsdelen omfatta fleire oppdrettsanlegg i Barstavika, Vemmelsvik og ved Skiveneset i Hyllestad. Desse oppdrettsanlegga hadde Sætremyr teke over då den store fiskeriverksemda Kvalheim & Co (Kvalos) fekk økonomiske problem og vart seld ut i partar til andre. I Barstavika overtok Sætremyr også eit fryseri. Sætremyr-selskapet var også eineeigar av eit lakseslakteri på Davik som brørne Håkon og Asbjørn Myrvang frå Måløy starta på slutten av 1970-talet. Utover 1990-talet avvikla Sætremyr engasjementet sitt både i oppdrettsbransjen og som fiskebåtreiarar. Fabrikkskipet ”Tenor” vart kjøpt av eit ålesundsreiarlag i 2005, og ålesundsgreina av familien driv no mykje av forretningsverksemda si med eigedomar og reiarlag under firmanamnet Ole Mikal Sætremyr AS.

Måløy Verft. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Måløy Verft. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Plastbåtproduksjon i Skavøypoll

I 1972 hadde Sætremyr kjøpt eit stort kaianlegg i Skavøypoll der eit stavangerfirma tidlegare hadde drive eit stort sildemottak. Skavøypoll-anlegget vart nytta som base og vedlikehaldsverft for Sætremyr-båtane, og fekk namnet Måløy Verft. Tidleg på 1980-talet tok Måløy Verft til å ta eksterne oppdrag med bygging av styrehus og ombygging og vedlikehald av fiskebåtar. I Blålid like ved Skavøypoll hadde hadde West Products AS starta produksjon av glasfiberbåtar. I 1995 starta to tilsette derifrå, Evald Bortne og Agnar Kupen, saman med med båtkonstruktøren Ola Lilloe Olsen båtbyggeriet Aurobåt på Sætremyr-eigedomen i Skavøypoll. Aurobåt vart i 2001 kjøpt av Sætremyr-selskapet Måløy Verft. Med dei siste utvidingane som vart gjort med ein ny fabrikkhall i 2008, disponerer Måløy Verft i dag nærare 4000 kvadratmeter produksjonslokale i Skavøypoll, i tillegg til ei 120 meter lang djupvasskai. I 2007 hadde Måløy Verft 22 tilsette og ei omsetning på 32 millionar.

I 2013 vart driftselskapet Måløy Verft selt til det islandske selskapet Rafnar EHF.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.08.2013