Hopp til innhold
X
Innhald

Forretningsfamilien Sølvberg

Dette forretningsbygget, reist i 1960, overtok namnet Sølvberg-hjørnet  etter den første butikken til Anders Sølvberg. I 2010 kjøpte Førde kommune bygningen, som skal rivast og gje plass til rådhus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dette forretningsbygget, reist i 1960, overtok namnet Sølvberg-hjørnet etter den første butikken til Anders Sølvberg. I 2010 kjøpte Førde kommune bygningen, som skal rivast og gje plass til rådhus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Forretningsfamilien Sølvberg har drive forretning i Utvik, Jølster, Førde og Askvoll i fire generasjonar:

Elias A. Sølvberg

starta i 1874 landhandel i Utvik (sjå elles Industri og næring i Stryn). Då vegen gjennom Våtedalen (Jølster-Breim) vart opna 1889, oppmoda Elias Sølvberg gardbrukar Klaus A. Egge til å byggje Hotell Germania, opna 1890 (sjå Gloppen kommune). Dette hotellet leigde Sølvberg og stod for drifta fram til 1896.

Til Førde

Sonen Anders E. Sølvberg (1878-1972) leigde som 19-åring Sigurd Klakegs landhandel på Skei (sjå Landhandlar i Jølster), før han i 1909 grunnla A.E. Sølvberg landhandel i Førde.

Til Førde

Då han flytta til Førde, dreiv han først i den såkalla Schultz-bua (Flatenbua) ved Hafstad Hotell, før han seinare overtok lokala til handelsmann Nikolai Andersen ved Langebrua. Her hadde det vore forretning frå 1884. Anders E. Sølvberg var også disponent i Firda Billag frå 1922 til 1937. Dottera Nelly Sølvberg (1904-2000) overtok drifta av forretninga på det kjende «Sølvberg-hjørnet». Huset vart i 1960 rive og erstatta med noverande bygg, som vart bygt saman med Førde Fargehandel (sjå denne under Industri og næring i Førde), og der Gjensidige Sogn og Fjordane fekk hovudkontor. I 2010 kjøpte Førde kommune bygningen for å rive den og byggje rådhus på tomta.

November 2011, Sølvberghjørnet må vike plassen for nytt rådhus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

November 2011, Sølvberghjørnet må vike plassen for nytt rådhus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Slektsgrein i Askvoll

Peder A. Sølvberg, son til Anders, flytta til Askvoll og bygde opp handelshuset P.A. Sølvberg der (sjå Industri og næring i Askvoll). Varehuset vart drive av Sølvberg-slekta fram til 1998, då det vart overteke av Førde Samyrkelag.

Ein av sønene til P.A. Sølvberg, Anders Sølvberg var administrerande banksjef i Sunnfjord Sparebank 1974-1988, og organiserte skipinga av Sparebanken Sogn og Fjordane og leia den frå 1988 til 2001.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.11.2011