Hopp til innhold
X
Innhald

Forretningsfamilien Ytredal

Denne Volvoen kjøpte Pedro Ytredal i 1969. Slike dumperar hadde Ytredal mange av. No har sonen Frank fått restaurert Volvoen til tipp topp stand. På biletet Jon Solås som arbeidde for Pedro Ytredal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Pedro Ytredal, dottera Werna og sonen Frank har skapt mange arbeidsplassar innan transportnæringa og andre industri- og forretningsaktivitetar i Høyanger og Vadheim.

Pedro Ytredal frå Vadheim starta i 1962 transportforretning i Høyanger. Han hadde då i fleire år drive lastebilkøyring på dei store kraftanlegga i Fortun i Luster. I 1967 starta han også som gravemaskinentreprenør.

Pedro Ytredal kjøpte i 1972 den tidlegare cellulosefabrikken til Vestlandske Treforedling A/S - VeTreFo i Vadheim. Han kjøpte også to større eigedomar i Høyanger sentrum og ein eigedom på Dale.

Kummane til Pedrolaks står framleis på Hovlandsøyra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kummane til Pedrolaks står framleis på Hovlandsøyra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dottera Werna Ytredal kom med i drifta av selskapa i 1979. I 1980 starta ho Pedrolaks som dreiv eit stort smoltoppdrett på eigedomane i Vadheim. Ho dreiv anlegget til ho måtte slå selskapet konkurs i 1994, då krisa i oppdrettsnæringa sette inn. Kommunen overtok eigedomane i Vadheim og skipa Vadheim Næringspark. Seinare har Werna Ytredal m.a. kjøpt opp fleire store forretningsgardar i Høyanger og Vadheim og drive utleige av desse.

Frank Ytredal driv mellom anna med turvognkøyring. Her med ein av bussane sine, Sogneprinsen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frank Ytredal driv mellom anna med turvognkøyring. Her med ein av bussane sine, Sogneprinsen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Broren Frank Ytredal var økonomisjef ved Høyanger fylkessjukehus frå 1974 til 1981. I 1980 starta han med drosje, og hadde i 2007 fire drosjeløyve og ni turvognløyve. Frank Ytredal driv også Ytre Sogn Gravferdsbyrå, ”Blomsten” blomsterbutikk og eit målarfirma. Han overtok dessutan fleire eigedomar i Høyanger etter faren Pedro Ytredal, og har sidan utvida eigedomane sine slik at han i 2007 disponerte til saman 38 utleigehusvære i Høyanger, Kyrkjebø og Vadheim. I 2007 hadde Frank Ytredal til saman 23 tilsette i verksemdene sine.

Blomsterforretninga Blomsten i Storgata i Høyanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Blomsterforretninga Blomsten i Storgata i Høyanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 07.01.2010