Første branntrygdelaget i fylket i Aurland?
Dei første godt organiserte branntrygdelaga i Sogn og Fjordane vart skipa på 1870-talet, men i Aurland kan ein sjå ein freistnad på organisering av brannassuranse alt i 1844.
Det var bonde og formannskapsmedlem Atle Terum som gjorde opptaket til skiping av eit branntrygdelag, utan at det førte til konkrete tiltak. Terum kom seinare med i styret for Aurland Sparebank då denne vart skipa i 1847. I 1913 vart det gjort ein ny, mislukka freistnad på å skipe branntrygdelag i kommunal regi.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 04.06.2008