Hopp til innhold
X
Innhald

Første gjestgiveriet i Vadheim

Vadheim ca. 1885. Foto: K. Knudsen. Eigar: Knudsensamlingen, UBB.

Vadheim ca. 1885. Foto: K. Knudsen. Eigar: Knudsensamlingen, UBB.

Lasse Andersson Vadheim fekk løyve til å drive gjestgiveri i Vadheim i 1801. I 1818 drukna han, og sonen Anders tok over. Han fekk også lov til å selje brennevin. Men alt hadde ikkje gått lovleg føre seg, for i 1842 fekk både han og Sjur i Veim, Sjur Hansen, bot for å ha drive ulovleg brennevinshandel.

Anders var elles ein velhalden mann. I tillegg til sin eigen gard hadde han skøyte på 14 andre gardar.

I 1844 vart Sjur Hansen frå garden Hovland gift med dotter til gjestgjevar Anders Lasseson Vadheim. Sjur Hansen slo seg opp til ein storkakse som fekk tilnamnet Sjur i Veim. I 1845 overtok han som skysskaffar og gjestgjevar i Vadheim.

- Les meir om Sjur i artikkelen: Sjur i Veim var grunnleggjaren av Vadheim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.11.2009