Hopp til innhold
X
Innhald

Første handelen på Kjelkenes og i Svelgen

Kjelkenes, der det var handel før utbygginga i Svelgen kom i gang. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelkenes, der det var handel før utbygginga i Svelgen kom i gang. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Før kraftutbygginga starta under Svelgsfossen i 1917 var det som no er kommunesenteret berre nokre veglause og einbølte gardar under eit mektig fossefall lengst inne i Nordgulen.

Fram til 1917 var det Kjelkenes, ute ved fjordmunningen mot Frøysjøen, som var samferdsle- og handelssenter for fjordbygdene kring Gulenfjordane. Det vart kjøpmennene på Kjelkenes som starta den første landhandelen i Svelgen då utbygginga starta der i 1917.

Posten kom først

Kjelkenes fekk postkontor i 1877 og vart fast stoppestad for Fylkesbaatane i 1888. Dei første 12 åra måtte ferdafolk og gods førast med bordingsbåt ut til dampbåten på fjorden, men frå 1900 kunne handelsmannen og dampskipsekspeditøren skilte med skikkeleg kai. Kjelkenes fekk telefonstasjon i 1901.

Den første som starta med handel på Kjelkenes, var gardbrukar Arnt K. Kjelkenes – truleg på same tid som han vart postopnar i 1877. Då Arnt døydde i 1881 tok Kristoffer K. Kjelknes, sonen til førre brukar, over handelen. Og då Kristoffer døydde i 1892, gifta enkja seg eit par år seinare oppatt med Henrik M. Frimannslund frå Davik.

Landhandelen til Knut K. Kjelkenes i Svelgen.

Landhandelen til Knut K. Kjelkenes i Svelgen.

Første butikken i Svelgen

Henrik hadde vore nokre år i Amerika før han kom til Kjelkenes, der han m.a. utvida handelsbua mykje og fekk bygd skikkeleg kai. Då kraftutbygginga starta under Svelgsfossen i 1917, starta Henrik Frimannslund den første butikken på den gryande industristaden Svelgen. Same året starta ein annan mann frå Kjelkenes, Knut K. Kjelkenes, (sjå under Handel i Bremanger) landhandel i Svelgen.

Samvirkelag tek over på Kjelkenes

I 1919 overtok sonen til den førre eigaren av Kjelkenes; Kristoffer Kristofferson Kjelkenes begge hutikkane. I tillegg til handelen, starta han også fiskemottak på Kjelkenes, og dreiv også ei tid trandamperi i Vindspollen.

Men Kristoffer fekk ikkje meir enn fem år: Då han døydde i 1924, var det enkja Oliva som måtte ta over butikkane og den andre verksemda både i Svelgen og på Kjelkenes – med unntak av fiskemottaket som ho la ned. Men i 1939 vart firma Kristoffer K. Kjelkenes slege konkurs. Oliva fekk drive posten og telefonen på Kjelkenes vidare, medan Einar Åsen frå Førde tok over butikkane. Einar Åsen rømde til Shetland i 1942, og Svelgen Handelslag tok over butikkdrifta og dreiv til 1946 då Gulen Samyrkelag tok over. Butikken på Kjelkenes vart lagd ned i 1986.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 23.04.2010