Hopp til innhold
X
Innhald

Fredrik Kristian N. Lambrechts

Lambrechts Eftf. AS på Nåra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lambrechts Eftf. AS på Nåra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fredrik Kristian N. Lambrechts fødd 1839 i Bergen starta landhandel i Nåra i 1870 - frå starten saman med broren Karl.

Fredrik Kristian N. Lambrechts fødd 1839 i Bergen starta landhandel i Nåra i 1870 - frå starten saman med broren Karl.

Frå 1874 vart Fredrik eineeigar, og frå 1882 var han dampskipsekspeditør og postopnar. Han dreiv fiskehandel og sildesalting saman med broren Karl. Dei produserte også fiskegarn ved å leige folk som gjorde dette som husflidsarbeid heime. Peter Lambrechts tok over etter faren Fredrik.

Henrik Tungodden kjøpte forretninga og tok over funksjonane til Lambrechts i 1952. Han bygde ny forretning i 1978, dreiv skyssbåt og hadde utleigehus for turistar. I 1982 tok dottera til Henrik, Mimi og svigersonen Rolf Trovåg over butikken på Nåra. I 1991 tok dei over daglegvarehandelen som Sigurd Ytreøy og Anders Sverre hadde drive i Ytrøygrend.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2011