Hopp til innhold
X
Innhald

Fresvik forbruksforening

Fresvik Forbrugsforening vart skipa i 1874 etter opptak av Peder Pedersen Ylvisaker. Han hadde vore butikkdreng hos Herman Brun på Hermansverk, og starta butikk i Fresvik i 1872. Han dreiv også bakeri og var dampskipsekspeditør. Då han gjekk konkurs i 1875, overtok bygdefolket butikken og skipa «forbruksforeninga».

Peder O. Bøthun vart styrar, men starta for seg sjølv i 1889. Forretninga vart avvikla kring 1900 og seld til Johannes L. Haukenes som dreiv til 1908.

Fresvik handelslag

I 1908 overtok Olav Østgulen, og Fresvik handelslag kjøpte buet på auksjon i 1926. Dette laget vart skipa 1920 av 155 luteigarar. Første åra heldt butikken til i leigde lokale til laget fekk eigen butikk i 1930. I 1965 gjekk Fresvik Handelslag inn i Sogn Samvirkelag, som i 2000 vart ein del av Coop Indre Vestland (sjå Landhandlar i Årdal).

Fresvik nærkjøp

I 2010 vart det skipa eit folkeaksjeselskap - Fresvik Eigedom AS - som vil sikre framtida til butikken. 148 aksjonærar teikna aksjar for 976.000 kroner i selskapet. Fresvik Eigedom AS har kjøpt forretningsbygget og leiger det ut til Coop Fresvik nærkjøp.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.02.2011