Hopp til innhold
X
Innhald

Fylkeskommunen som kraftprodusent

Då elektrisiteten gjorde sitt inntog var det først og fremst kvinnene som fekk ein lettare kvardag. Her viser Jenny Marie Fristad frå Askvoll stolt fram magasinkomfyren sin på slutten av 1940-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Gudrun Haaland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Då elektrisiteten gjorde sitt inntog var det først og fremst kvinnene som fekk ein lettare kvardag. Her viser Jenny Marie Fristad frå Askvoll stolt fram magasinkomfyren sin på slutten av 1940-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Gudrun Haaland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I 1918 stilte Sogn og Fjordane fylke seg i brodden for ei storstilt utbygging av elektrisk kraft til alminneleg forsyning. Saman med kommunane i dei ulike distrikta, vart det kjøpt fallrettar i Årøy ved Sogndal, i Gaularvassdraget i Sunnfjord og i Ålfoten i Nordfjord.

Jobbetid og stor aktivitet i fiskerihamnene Måløy og Florø gjorde at ein satsa på utbygging i Ålfoten først. Eit kostbart linenett stod ferdig før kraftstasjonen. Difor måtte ein leige dyr kraft frå eit privat kraftverk i Svelgen. På 1920-talet kom nedgangstider og krise og drog fylke og kommunar som var medeigarar i Ålfoten, ned i botnlaus gjeld - sjå: Ålfotsaka.

Fylkeskommunen på si side torde ikkje satse på kraftutbygging på eiga hand før i 1971, då ein del av Ålfot-falla - Åskora - vart bygt ut.

Sogn og Fjordane Energi - SFE

Sogn og Fjordane Energi med hovudsete på Sandane har gjennom dei siste åra vore det mest lønsame selskapet som Sogn og Fjordane fylkeskommune eig. Det var i 1968 at Sogn og Fjordane fylke skipa sitt eige kraftselskap: Sogn og Fjordane Kraftverk. Dette vart seinare omdøypt til Sogn og Fjordane Energi – forkorta til SFE.

Sogn og Fjordane Energi tok i 2000 over Firdakraft, i 2001 Gloppen El. verk, og i 2002 Ytre Fjordane Kraftlag - YFK. I 2001 selde fylket 40 prosent av aksjane i selskapet til BKK.

Private småkraftverk

Sidan årtusenskiftet 2000 har interessa for å utnytte vassfall i små vassdrag auka sterkt, og i 2006 skipa 70 småkraftprodusentar fylkeslag av den landsomfemnande Småkraftforeningen. Rune Nydal frå Holsen i Førde vart vald til første leiar.

Slik såg kraftdistribusjonen i Sogn og Fjordane ut i 1997.

Slik såg kraftdistribusjonen i Sogn og Fjordane ut i 1997.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015