Hopp til innhold
X
Innhald

Fylket som «bedriftseigar»

Utanom dei lovpålagde oppgåvene som fylkeskommunen har innan store samfunnsfelt som vegbygging og skule, og tidlegare også hadde innan helserøkt, så har Sogn og Fjordane fylke også engasjert seg som bedriftseigar. Dette gjeld i samferdsle og i energiforsyning ved skiping av Fylkesbaatane og SFE.

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane

I 1858 skipa fylket sitt eige ruteselskap, Nordre Bergenhus Amts Baade – frå 1919 kalla Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane.

Fjord1

I 2002 vart Fylkesbaatane slegne saman med Møre og Romsdal Fylkesbaatar til konsernet Fjord 1 – Nordvestlandske AS.

Sogn og Fjordane Energi AS

I 1968 skipa Sogn og Fjordane fylke sitt eige kraftselskap: Sogn og Fjordane Kraftverk - seinare Sogn og Fjordane Energi, forkorta til SFE.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015