Hopp til innhold
X
Innhald

Fylkets første næringsdrivande kvinne

Ingeborg Havneraas.

Ingeborg Havneraas.

Ingeborg Kristine Havneraas starta i 1905 landhandel på Vangsnes. Dette er truleg det første næringsforetaket starta av ei kvinne i Sogn og Fjordane.

Ho dreiv mykje «bytehandel», og tok m.a. imot mykje bær som ho selde vidare til Lerum og Drægni konservesfabrikkar. Mannen var borte på anleggsarbeid, og Ingeborg hadde ansvaret for ni born heime i tillegg til butikken.

Ho dreiv butikken til ho flytta til Hardanger i 1935.

I huset midt på biletet dreiv Ingeborg Havneraas handel. Huset til venstre er gjestgiveriet frå tidleg 1800-tal, eit hus som framleis står på Vangsnes. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

I huset midt på biletet dreiv Ingeborg Havneraas handel. Huset til venstre er gjestgiveriet frå tidleg 1800-tal, eit hus som framleis står på Vangsnes. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.06.2011