Hopp til innhold
X
Innhald

Gamal handel og handverk i Solvorn

Solvorn sett frå Ornes. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Solvorn sett frå Ornes. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Solvorn ved Lustrafjorden var frå eldgamal tid "sjøbygda" for folket i innlandsbygdene kring Hafslovatnet og Veitastrondsvatnet. Her hadde mange hafslobygdingar almenning med opplagsplass, naust og sjøbuer. Alt på 1300-talet vert det nemnt ei tingstove som stod i Solvorn.

Langs stranda i Solvorn etablerte det seg alt på 1600-talet eit par kremmarar - den eine som gjestgjevar der Walaker Hotell seinare utvikla seg. På 1600-talet var Morten Erlandsen regisrert som kremmar frå 1650 til 1677, Hans Thiis Nagel frå 1660 til 1702, Henrik Mortensen frå 1677 til 1690 og Christen Nitter frå 1690 - sjå meir under Walaker Hotell. Alle kremmarane i Solvorn på den tida hadde borgarbrev frå Bergen.

Hans Thiis Nagel kom frå Bergen og vart ein av dei største jordeigarane i Luster på 1600-talet. M.a. eigde han heile Mollandsmorki og store delar av Hafslo. I Solvorn gifta hans eg med enkja etter futen Simen Nielsen og slo seg ned på Sjøtun.

Solvorn i 1915. Foto: K. Nielsen.

Solvorn i 1915. Foto: K. Nielsen.

Det er truleg at nokre få personar også kunne livnære seg heilt eller delvis på handverk på en vesle strandstaden: I 1612 vert det fortalt at Hermund er smed i Solvorn, medan Erik snikkar heldt til i Dale og Anders smed i Røneid.

I 1714 startar Christen Jensen Lemvig (1670-1732) frå garden Fuhr som handelsmann på «Sanden», der sorenskrivargarden seinare vart bygt - sjå: Sorenskrivaren budde lenge i Solvorn. Lemvig dreiv også som handelsmann og gjestgjevar i Dale - sjå: Kremmarhandel på Fuhr. I 1773 overtok Ole Arnesson Hundshammer denne handelen, som var i drift til 1786.

På 1800-talet var Herman Skakson Hillestad (1809-1885) kremmar og postopnar i Solvorn, medan kona Greta - kalla Madam Hillestad (1811-1884) - stelte med brennevinshandelen. I 1832 kom det også ein tredje handelsmann og bakar på Sjøtun; Philip Christoffer Fraas. Denne handelsbua vart seinare overteken av Hermund Sckanke Hillestad. I 1865 er han registrert saman med to andre to landhandlarar i Solvorn: Jakob Sjurssen på Valaker og Christian Huun på Sjøtun. Dessutan livnærte seks menneske i Solvorn seg som handverkarar, fem som fiskarar, og to dreiv som jekteførarar på denne tida. Både i Solvorn, Kinsedal og i inste Luster var det kring 1900 dessutan fleire notalag som dreiv sesongfiske etter brisling.

I 1875 sette sorenskrivar Gløersen seg i spissen for å få slutt på brennevinsskjenkinga i Solvorn. Då kommunen ikkje ville yte pengar til løyse inn skjenkeretten, fekk Gløersen Hafslo Sparebank og eindel private med på å kjøpe ut brennevinsløyvet.

Sjøbuer i rekkehusformasjon i Solvorn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Sjøbuer i rekkehusformasjon i Solvorn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Fiskemannsbudene i Solvorn

Om hausten når potetene var oppe av jorda, vart det skipa til «fiskestemner» i jordbruksbygdene inn etter Sognefjorden. Då kom kystfolket for hente seg jordbruksvarer i byte mot fisk og salt.

Walaker Hotell

Walaker Hotell i Solvorn har røter tilbake til den gamle gjestgjevargarden og skysstasjonen frå 1600-talet. Les meir om hotellet i eigen artikkel - Walaker Hotell.

Les meir om Solvorn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.03.2011