Hopp til innhold
X
Innhald

Gamalosten frå Vik

I 2001 vart det avduka ein bauta over gamalosten frå Vik med strekar av kunstnaren Ludvig Eikaas frå Jølster. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 2001 vart det avduka ein bauta over gamalosten frå Vik med strekar av kunstnaren Ludvig Eikaas frå Jølster. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 2002 er Vik Meieri det einaste meieriet i landet som produserer gamalost. Det er ikkje utan grunn at Vik har spesialisert seg på denne produksjonen:

Det var mange småmeieri som kring 1900 freista å produsere gamalost. Men produksjonsprosessen er vanskeleg, og mange meiersker mislukkast med å få kvalitetsost. Men ei av dei som meistra kunsten, var bondekona Brita Ligtvor frå Vik. Ho hadde vunne sølvmedalje for gamalosten sin på ei landbruksutstilling i Bergen i 1909, og no starta ho like godt «gamalostskule» for unge jenter heime på garden.

Gamalostproduksjonen frå Vik meieri har lege på 150-200 tonn årleg.

Norsk Gamalostlag

Norsk Gamalostlag, skipa av John Moberg, freistar å halde liv i den særeigne norske ostetypen og produksjonen ved Tine Meieriet Vest BA, avdeling Vik, m.a. med tilskiping av Gamalostfestival i Vik.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.07.2011